NRK Meny
Normal

– Møreaksen passar godt til OPS

– Møreaksen har avanserte fjordkryssingar, og det passar bra som eit Offentleg-privat samarbeidsprosjekt, seier Sissel Husøy i konsulentfirmaet Deloitte.

Møreaksen

VIL PASSE FOR OPS: Møreaksen vil vere passande til eit OPS-prosjekt, meiner konsulent Sissel Husøy.

Foto: Illustrasjon / NRK

Sissel Husøy

OPS-OPTIMIST: Sissel Husøy meiner OPS-prosjekt vil vere eit godt alternativ i store samferdselsprosjekt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg ser at det ikkje er sikkert at stat, fylke og kommunar skal ta den risikoen det vil vere i eit så stort og avansert fjordkryssingsprosjekt, seier Husøy.

Onsdag var ho med på eit seminar i Molde, der dei diskuterte offentleg-private samarbeid (OPS) i store vegprosjekt. Med på seminaret var mellom anna aktørar frå Møreaksen, Hafast og Halsafjordsambandet.

Husøy har mellom anna erfaring frå Statens Vegvesen og Vegdirektoratet, og har jobba i mange år med samferdselsprosjekt. Ho meiner at eit prosjekt som Møreaksen ligg innanfor det som kan passe bra i eit slikt prosjekt.

– Eg vil seie at det eignar seg veldig godt. Det er fordi Møreaksen har nokre avanserte fjordkryssingar, og store konstruksjonselement eignar seg spesielt godt. Marknaden er meget interessert i å gi ei løysing. Dei kan ta risiko, seier Husøy.

OPS-Seminar i Molde

OPS-SEMINAR: Representantar for Møreaksen, Hafast og Halsafjordsambandet var med på seminaret i Molde onsdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Lettare å endre prosjektet undervegs

I eit OPS-prosjekt går oppdragsgjevar, til dømes staten, inn i ein kontrakt med eit selskap. I kontrakten avgjer ein kva pris selskapet skal få for det som blir bygd. Deretter er entreprenøren med gjennom heile planlegginga av prosjektet, og også i drifta av vegane etter dei er bygde.

På denne måten slepp staten eller andre oppdragsgjevarar unna ein del risiko.

– Når kartet ikkje stemmer overeins med terrenget kan entreprenøren endre på planane, slik at det passar betre, fortel Husøy.

I staden for at Vegvesenet skal planlegge i detalj, og så hente inn entreprenørar, kan ein i eit OPS-prosjekt vere med mykje meir i detaljane, og sjå når risikoen for kostnadssprekk dukkar opp, meiner ho.

Staten kan ta over ved konkurs

– Marknaden er veldig interesserte i slike prosjekt. Entreprenørane har lyst til å sjå på prosjekta i eit lengre perspektiv. Dei har lyst å vere med å planlegge, dei har lyst at dei som gjer drift ute på vegane kan vere med inn i planlegginga og skru saman prosjektet på ein optimal måte, slik at det blir bygd gode vegar, som er lette og relativt rimelege å halde ved like i ein lenger periode, seier Husøy.

Kontrakten mellom oppdragsgjevar og OPS-selskapet regulerer kor mykje pengar vegbyggjaren skal få frå staten, dermed er risikoen for meirkostnader knytt direkte til OPS-selskapet. Selskapa vil også truleg finansiere mykje ved hjelp av lån, og dermed vil det vere både långjevarar og forsikringsselskap som er interesserte i å redde prosjekta om uhellet skulle vere ute, fortel Husøy.

– Viss OPS-selskapet går konkurs, så kan långjevarane gå inn i konkursbuet og drifte det i kontraktsperioden. Viss dei ikkje vil tre inn i OPS-selskapet, så kan staten ta over prosjektet vederlagsfritt, seier ho.