Hopp til innhold

– Møre og Romsdal – ingen dumpingplass

Sylvi Listhaug seier nei til deponi.

Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug

Styret i Framstegspartiet i Møre og Romsdal seier nei til deponi. Sylvi Listhaug er førstekandidat til Stortinget. Her saman med landbruksminister Jon Georg Dale (t.v.) og Knut Flølo. (Arkivfoto)

Foto: Roar Strøm / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Styret i Framstegspartiet i Møre og Romsdal er sterkt imot at det skal bli giftdeponi i fjell eller fjord. Det er planane om stranddeponi i Ellingsøyfjorden og giftdeponi på Rausand i Nesset dei reagerer på.

Sylvi Listhaug, førstekandidat til Stortinget for Møre og Romsdal, er i helga på landsmøtet i Framstegspartiet. Ho seier at Møre og Romsdal ikkje skal vere ein dumpingplass:

– Slike deponi kan føre til skade på fiskeriet i fylket og svekke omdømet til sjømatnæringa.

Vil deponere miljøavfall i rein fjord – sjømatnæringa i harnisk

Sylvi Listhaug meiner Møre og Romsdal er eit utstillingsvindauge innanfor fiskeri og havbruk.

– Vi kan ikkje la slike deponi øydelegge naturmangfaldet og dei flotte fjordane som er ei viktig merkevare for fylket, seier ho.

Skal drøfte giftdeponi-saka

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL