Hopp til innhold

– Mobbaren likar makta mobbing gir

– Mobbing finst i alle klasserom og i alle skular over heile fylket, seier Trond Hansen Riise. Han skal leie eit beredskapsteam mot mobbing.

Trond Hansen Riise

Trond Hansen Riise skal leie beredskapsteamet mot mobbing.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Den første myten om mobbing er at mobbaren er sint på offeret, men det stemmer svært sjeldar. Mobbarane mobbar fordi dei likar den makta det gir, seier Hansen Riise.

No har fylkesmannen varsla at kampen mot mobbing skal ha topprioritet framover. Difor skal eit beredskapsteam med tilsette frå pedagogisk psykologiskteneste frå heile fylket spreie kompetanse ut til lærarar, assistentar og andre skuletilsette. Denne kompetansen skal gjere dei i stand til å avdekke, stoppe og førebyggje mobbing.

Elevane har svaret

Mobbing

Trond Hansen Riise seier elevane veit best om det foregår mobbing.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

– Spørsmålet læraren må stille seg er om det finst mobbing i hans eller hennar klasse. Og svaret på det er det elevane som har. Vi vaksne trur, men vi må ha eit ope og tillitsfullt forhold for å få elevane i tale. Då får vi den informasjonen vi treng for å stoppe mobbing, seier Hansen Riise.

Han seier at det første ein må gjere når det blinkar gult er å ta både hendingar, elevar og foreldre på alvor.

– Mobbing er overgrep mot barn som ikkje kan forsvare seg. Då er det bokstaveleg talt livsviktig å få stoppa dette, seier teamleiaren. Då må ein på ein respektfull måte ta opp dette med den eller dei som står bak mobbinga. Så må ein seie klart ifrå at dette ikkje kan fortsette og varsle at ein kjem til å følge med.

– Kan ikkje vere dødeleg å gå på skule

Trass i stadige oppslag om mobbing meiner Hansen Riise at det er mogleg å sette ein stoppar for dette.

– Svaret må vere ja! Vi kan ikkje la barn gå ti år på skule dersom det er helseskadeleg og til og med dødeleg å vere der!

Hansen Riise viser til erfaringa dei har frå Haram og Nesset, der det er jobba aktivt mot mobbing. Der har dei verktøya som er utvikla for å motverke mobbing blir godt mottatt både av elevar, lærarar og foreldre. Han meiner nulltoleranse for mobbing og å handtere dei sakene som kjem på ein god måte må ligge til grunn.

Bygge lag og tillit

Logo. Snakk om mobbing

Skulen må få både elevane og foreldra i tale, seier Trond Hansen Riise.

Foto: Frans Kjetså / NRK

– Ein kan ikkje straffe barn til å bli snille, men må samtidig sette ein stoppar for slik oppførsel, seier Hansen Riise.

Han seier foreldre har eit stort ansvar som rollemodellar og at konflikt i heimen eller dårleg omsorg kan skape mobbarar. Likevel er han opptatt av at ein ikkje skal fordele skuld, men at det i staden blir bygd sterke lag beståande av elevar, skulen og heimen.

– Sjølv om årsaka ligg utanfor skulen er det den som kan skape tillit og involvere elevane og heimane for saman å få stoppa mobbinga.