Hopp til innhold

– Minner om Alaska

Cruiseturist William Baker synest Noreg minner om den amerikanske delstaten Alaska, med snødekte fjell og kjølig sommartemperatur.

Ocean Nova i Ålesund

LITE: Med makskapasitet på 78 passasjerar er «Ocean Nova» av dei minste cruiseskipa som kjem til Ålesund i år.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Tysdag var det vesle «Ocean Nova» som låg ved cruisekaia i Ålesund sentrum. Med makskapasitet på berre 78 passasjerar er det eit av dei minste skipa som skal innom Ålesund i sommar.

Ein av dei som nytta sjansen til få tørt land under beina, var amerikanaren William Baker frå Florida. Han fortel at det i Florida blir alt for varmt om sommaren og at ein kjølig sunnmørsk forsommar difor er midt i blinken.

William Baker

ALASKA: William Baker har hytte i Alaska, og ser store likheiter mellom den amerikanske delstaten og det sunnmørske fjordlandskapet.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Heime er det alt for mykje folk, og utover sommaren blir det steikande varmt. Her er det mykje betre, litt som i Alaska. I tillegg så er fisken kjempegod og heilt fersk.

Etter at dei to tungvektarane «MSC Splendida» og «Explorer of the seas» var innom byen i helga er cruisesesongen no i gang for fult, og denne veka skal heile seks cruiseskip innom byen. Men reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Geir Vik, fortel at Ålesund vil få ein nedgang i talet på cruiseturistar i år.

Geir Vik

NEDGANG: Geir Vik trur talet på cruiseturistar vil ligge stabilt rundt det noverande nivået dei komande åra.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– I år kjem det færre cruiseskip innom Ålesund enn det gjorde i fjor. Ein av grunnane er at hamna held stengt ei veke under Tall Ships Races, skipa blir rett nok stadig større, men det blir ein nedgang også i talet på passasjerar.

Les også: Ventar nedgang i cruisetrafikken neste år

Tidlegare i år vart det innført nye reglar for bruk av tungolje i Nordsjøen, noko som betyr at båtar som nyttar seg av visst mykje tungolje må betale ei avgift. Vik fortel at dette nok er den viktigaste grunnen til nedgangen i talet på cruisereisande.

– Det kjem til å bli ein nedgang for heile den norske marknaden. Ein av grunnane er nok dei nye reglane for tungolje, men eg trur det vil stabilisere seg på årets nivå dei komande åra.