Hopp til innhold

– Minner meg på kor artig det er å synge

Knut Marius Djupvik si sangkarriere skaut fart etter at han vann The Voice i 2013. No er han klar for å servere publikum eit forrykande show saman med Ålesund operakor.

Knut Marius Djupvik på øving saman med Ålesund Operakor

Ålesund Operakor gir artisten Knut Marius Djupvik frå Tomrefjord i Vestnes ein påminnar på kor artig det er å drive med musikk.

Foto: Elise Aasen

Artisten Knut Marius Djupvik frå Tomrefjord i Vestnes var aldri i tvil om kva han skulle svare då Ålesund operakor spurde om han ville vere med dei på showet «Disney's magiske verden».

– Eg tenkte med ein gong at dette er noko eg ville vere med på.

«Disney's magiske verden»

Saman med profesjonelle musikarar og dansarar frå Fagerlia videregående skole har Ålesund Operakor ligge i hardtrening sidan i haust. Fredag dukka Knut Marius Djupvik opp på øvinga og løfta det heile.

Ålesund Operakor

Ålesund Operakor går nye vegar og lovar eit show for heile familien.

– Han er ein fantastisk songar. Han er både popsongar og syng rock, og har ein veldig styrke i stemmen som vi som operasongarar set veldig pris på, fortel Elise Aasen.

Ho er ein av dei 30 songarane i Ålesund operakor som blir å sjå på scena på Idahall i Tomrefjord laurdag kveld og på Parken kulturhus i Ålesund søndag. Tidlegare har koret oftast vore med på konsertar saman med andre. No hadde dei lyst til å lage noko heilt eige.

– Vi hadde lyst til å sette opp eit show på eiga hand. Då fall valet på Disney. Mange har eit forhold til Disney-musikken og vi gler oss til å vise oss fram til både vaksne og born, fortel Aasen.

– Latteren sit laust

Sjølv om Knut Marius Djupvik har flytta til Oslo for å satse på musikkarriera, er han framleis med på mindre prosjekt.

– Eg hiv meg på ulike konsept dersom konseptet er kult nok.

Det synest han at operakoret sitt «Disney's magiske verden var», og han angra ikkje då han kom på første øvinga på fredag.

– Latteren sit laust og folk driv med noko som dei elskar å drive med. Dersom ein jobbar veldig profesjonelt med noko, gløymer ein nesten kor artig det eigentleg er å synge og drive med musikk. Slike prosjekt som dette er ein påminnar på det.

Vaks opp på scena på Idahall

Knut Marius Djupvik sammen med foreldrene

Knut Marius Djupvik frå Tomrefjord vann The Voice i 2013. Her er han saman med foreldra sine i Tomrefjord.

Foto: Privat

Saman skal dei synge songar frå filmar og musikalar frå Disney si verd, og Knut Marius Djupvik gler seg ekstra til å kome heim til Tomrefjord.

– Det er alltid like stor stas å kome heim og synge. Eg har ekstremt mange gode minne frå Idahall, det er på den scena eg har vakse opp, føler eg.

Med kostymer laga av elevar frå Borgund videregående skole i Ålesund er showet komplett og dei håper publikum vil nyte showet frå byrjing til slutt.

– Showet er for heile familien, alt frå olebarn til oldemor. Eg trur rett og slett at folk i alle aldrar kjem til å kose seg med musikken og showet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL