Hopp til innhold

– Mindre gratisinnhald er vegen å gå

Med fallande opplagstal og annonseinntekter blir det stadig viktigare å finne alternative inntektskjelder for norske aviser.

Sigurd Høst

AVISDØD: Sigurd Høst skriv i rapporten sin om avisåret 2014 at ein foreløpig ikkje kan snakke om nokon avisdød, men at opplagsutviklinga ser mørk ut.

Foto: Geir K. Hus / LLA

Professor II ved avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda, Sigurd Høst, har skrive ein rapport om avisåret 2014.

Han trur ei restriktiv betalingsordning på nett er vegen å gå og fortel at talet på aviser med betalingsordningar på internett har skote fart dei siste åra.

– Det å stenge nettsidene sine heilt eller delvis for dei som ikkje betalar, er ei utvikling som starta heilt tilbake i 2011 og som har blitt vanlegare dei siste åra, seier Høst.

– Eg trur det er ei fornuftig utvikling og når eg samanliknar opplagsutviklinga til aviser med ei restriktiv betalingsordning og aviser med mykje gratisstoff, å ser det heilt klart ut til at ei restriktiv haldning er mest effektivt, held han fram.

Digital papiravis

Ei betalingsordning som mange aviser nyttar seg av er tilbodet om komplett abonnement, der ein kombinerer avisabonnement med nettabonnnement, og ei elektronisk utgåve av avisa.

– Det er mange som no satsar på sal av digitale utgåver av papiravisa, men eg tvilar på at det er den mest effektive måten å gjere det på. Framleis er det nok slik at betaling for journalistikk som berre er digital, blir ein nisjemarknad.

Eksklusive saker bak betalingsmur

Medan Høst meiner at ein streng betalingsordning er den mest effektive løysinga, har dei tre store avisene i fylket vald å innføre betalingsmodellar med ganske mykje gratisstoff.

Tore Dyrnes

Tore Dyrnes, sjefsdirektør i Tidenes Krav, trur det blir meir vanleg å måtte betale for innhald på nett i framtida.

Foto: Bjørn A. Hansen/Tidens Krav

Tore Dyrnes, sjefsdirektør i Tidenes Krav, fortel at dei vel å legge eksklusive saker bak ein betalingsmur.

– Det er ofte ikkje lurt å krevje betalt for fellessaker som lesarane får gratis tilgang til andre plassar, då er det berre dumt å stenge lesaren ute. I tillegg er vi avhengig av trafikk på dei opne artiklane for å få annonseinntekter, seier han.

Dyrnes fortel at det er fleire årsaker til at dei valde å gjere overgangen til delvis betalingsmodellar

– Det er ikkje annonseinntekter som kjem til å betale for journalistikken i framtida. Dei digitale annonsane blir billigare og vi blir i større grad avhengig av at lesarane betalar for innhaldet, seier Dyrnes.

Blir meir vanleg

Tidens Krav hadde i 2014 ein nedgang i totalopplag på 6%, medan dei to andre dagsavisene Romsdals Budstikke hadde ein nedgang på 5 % og Sunnmørsposten hadde 6 %

Dyrnes er samd med Høst om at bransjen er inne i eit historisk skifte.

– Eg trur papiropplaget kjem til å fortsette å falle. Spesielt dei yngre har vore vanskelege å nå på papir. Eg trur både vi og brukarane må bli vandt til å betale for innhaldet på nett i framtida, seier han.

Opplagsnedgang utan avisdød

Trass samla opplagsnedgang for avisene i Noreg i 2014, steig talet på aviser til 230. Noko som er det høgaste talet på aviser sidan mellomkrigstida. Høst fortel at ein difor foreløpig ikkje kan snakke om nokon stor avisdød.

– Det er mange som snakkar om papiravisenes død, men ifølge mine tal må ein tilbake til mellomkrigstida for å finne like mange aviser. Men når du ser på opplagstala er det heilt klart litt uroande, og det er klart at dersom nedgangen held fram så vil det komme ei bølge med avisdød før eller seinare.