– Det er litt morosamt at det no ligg tre LNG-båtar her. Tre av ei verdsflåte på seksti, seier Fiskerstrand
Skipsbyggaren på Sunnmøre er stolt over å satse på miljøvennleg, flytande gass. Han meiner Noreg har gode sjansar til å bli verdsleiande på bygging av miljøvennlege skip, og fortel at framtida for han er grøn og berekraftig.
– Det er to grunnar til det, for det første har eg god tru på at vi skal klare å hjelpe miljøet vårt. Det andre er at dette er ein kompetanse og ein teknologi som kan passe i eit høgkostland som Noreg, og då må vi kunne snu dette slik at det sikrar norske arbeidsplassar og eksportere teknologien.
Miljøfinans
Forklart ved ein enkel modell tenker direktøren høgt om ei framtid der reiarlag verft og utstyrleverandørar spelar på lag. Miljøfinans er namnet på ideen, planen er eit fond som skal finansierer miljøvennlege og effektive løysingar for skipsflåten.
– Vi kan utvikle flåten vår for å få den ned mot nullutslepp og flytte transport frå land til sjø. Når vi blir gode på det, har vi utvikla teknologi og kompetanse som vi kan eksportere til resten av verda.
Likar tanken
Reiarlaget Roaldnes på Valderøy i Giske kommune skal snart ha ny fiskebåt. Reiar og dagleg leiar i reiarlaget, Tore Roaldsnes, likar tanken på ein miljøvennleg båt som skapar ny teknologi.
– Vi ønskjer å bygge ein ny båt ved norske verft, finansiert ved hjelp av den ordninga.