Hopp til innhold

– Mediehusa bør satse tøft på journalistikk på nett

Medan avishusa slit med synkande inntekter konsumerer ungdom medieinnhald som aldri før. Ei tydelegare satsing på digital journalistikk som folk vil betale for kan vere redninga for mediehusa, meiner leiaren for medieutdanninga i Volda.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er dekan ved medieutdanninga på Høgskulen i Volda.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag varsla Polaris Media at konsernet vil gjennomføre innsparingar på 300 millionar kroner innan 2020. Bakgrunnen er eit kraftig fall i annonseinntektene i aviser som Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Adresseavisen og Harstad Tidende.

Sjølv om avishusa har hatt vekst i inntekter frå digitale abonnementstenester klarer dei ikkje å demme opp for fallet i annonseinntektene.

– Må omprioritere

Leiar for medieutdanninga ved Høgskulen i Volda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, meiner likevel at det er i den digitale journalistikken framtida ligg for avishusa. Ho trur det er avishusa som klarer å omstille seg til den digitale kvardagen som kjem til å klare seg best.

– Det må verte ei slags omprioritering i avisene når det gjeld kva produkt dei skal satse på. Då må dei sjå på kvar lesarane er. 73 prosent av dei som er på Internett og brukar dette dagleg les faktisk nettavis. Det skal vere mogleg å tene pengar på digital journalistikk. Mange gjer det alt i dag, seier den nye dekanen på medielinja i Volda.

– Satse tøft på nett og mobil

Gregoriusdotter Rotevatn seier at avishusa som tradisjonelt har hatt hovudfokus på å gje ut papiravis må omfordele ressursane og satse på god, digital journalistikk som folk er villige til å betale for.

Mens salet av papiraviser går ned, har ikkje minst ungdomar eit nærare forhold til mobiltelefonar og lesebrett enn nokon gong. Gregoriusdotter Rotevatn ser for seg at løysinga må vere å satse tøft inn mot denne måten å konsumere medieinnhald på.

– Ein må velje å satse tøft på journalistikk på nett som er tilpassa mobil og unge brukarar, seier ho.

Reduksjon i bemanninga

I avisa Sunnmørsposten er det klart at det skal gjennomførast ein redaksjon i staben på minst ti stillingar. Dette avishuset har nettopp vore gjennom ei nedbemanning på sju årsverk.

Sunnmørsposten si økonomiske utfordring er kostnadsrekna til 26 millionar kroner. Fem millionar skal hentast inn ved å skaffe nye inntekter på nye området. Men dette er ikkje nok. Avisleiinga satsar på bemanningsreduksjon gjennom frivillige ordningar som sluttpakkar og pensjonering.

Omstilling

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn uttrykkjer både håp og tru på at denne smertefulle omstillinga skal gje eit positivt resultat til slutt.

– Dei som er raske med å omstille seg og klarer å tilsetje journalistar med ny kompetanse, og som klarer å etterutdanne etablerte journalistar lukkast i stor grad, seier ho.

Med svakare økonomi i mediehusa vert arbeidsmarknaden for yrkesgruppene som har arbeidet sitt der vanskelegare. Ho vil likevel ikkje rå frå ungdom å ta journalistutdanning. Tvert om.

– Det er ingen tvil om at arbeidsmarknaden for journalistar er tøffare enn nokon gong. Men eg er på ingen måte pessimistisk på vegner av journalistikken. Vi må utdanne dei journalistane som klarer den digitale omstillinga og som klarer å skape journalistikk som lesarane vil ha og som dei vil betale for.