NRK Meny
Normal

90 minutt utan mål i Molde

Det enda 0–0 i Molde i eliteseriekampen mellom MFK og Odd Grenland.

Verken serieleiar Molde eller gjestane frå Skien fann vegen til nettmaskene i løpet av 90 minuttar pluss tilleggstid på stadion i Molde sundag kveld. Eit solid Odd-forsvar gjorde det vanskeleg for Solskjærs menn å nå heilt fram i avslutningane sine.

Ole Gunnar Solskjær

BANKA PÅ DØRA: Ole Gunnar Solskjær seier dei banka på døra til Odd Grenland heile kampen, men eit defensivt Skien-lag gjorde det vanskeleg for Molde.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær, seier etter kampslutt at det var ein tøff kamp.

– Det var ein vanskeleg kamp. Odd Grenland gjorde det vanskeleg for oss, og det var vanskeleg å skape sjansar. Dessutan mangla me presisjon i siste fase, seier Solskjær til TV2.

Deler av kampar var prega av slurv og feilpasningar hjå begge lag, men Solskjær vil ikkje vere med på at dei slurva mykje.

Dag-Eilev Fagermo

NØGD: Dag-Eilev Fagermo meiner dei spelte ein solid bortekamp.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

– Nei, eg vil ikkje seie at det var pasningsfeil, me tok ikkje godt nok vare på sjansane våre. Me banka på døra heile kampen, men dei forsvarte seg godt. At det enda uavgjort er positivt, seier Solskjær til TV2.

Stoppa sigersrekkja til Odd

Ole Gunnar Solskjær er òg godt nøgd med at dei sette stoppar for Odd Grenland si sigersrekkje. Laget hadde før dagens kamp fem strake sigrar på rad.

Trenar for Odd Grenland, Dag-Eilev Fagermo, meiner dei spelte ein bortimot prikkfri kamp.

– Dessverre var det to poeng for lite. Men, me spelte ein svært god bortekamp, seier Fagermo til TV2 etter sluttspelt kamp.

Moldes Jo Inge Berget

I DUELL: Moldes Jo Inge Berget header unna ballen i duell med Jone Samuelsen (t.v.). Ti minutt ut i første omgang var han nær ved å gi Molde leiinga.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

I pausen

– Det har vore ein jamspelt kamp, med to-tre store sjansar, seier Odd Grenland-trenar Dag-Eilev Fagermo til TV2 i pausen.

Jo-Inge Berget stod for den største sjansen i kampen etter ti minutt. Berget blir spelt fri og avslutta frå kort hald. Men keeper André Hansen reddar og Molde fekk eit hjørnespark dei ikkje klarte utnytta.

– Me har spelt bra defensivt og Molde har ikkje skapt noko, legg Fagermo til.

Før kampen sa direktør i Molde Fotball Tarje Nordstrand Jacobsen til NRK at dei måtte prestere på sitt beste om dei skal slå Skien-laget.

Assistenttrenar til MFK Richard Hartis, har telt seg til seks-sju sjansar for romsdalslaget i løpet av først omgang. Og er klar på oppgåvene framfor andre omgang.

– Me må forsvara midbana betre, for me forventar at Odd skal kontre. Det vert viktig for oss å halde tempo oppe, seier Richard Hartis til TV2.