Hopp til innhold

... men leiaren i samferdsleutvalet er positiv: – Må vise vilje til handling

Leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet, er ikkje avvisande til å forskottere ei utbygging av fylkesveg 60.

Oddbjørn Vatne

HANDLEKRAFT: Oddbjørn Vatne er ikkje avvisande til å forskottere ei utbygging av fylkesveg 60.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Men det føreset at vegen blir ein statleg veg og at politikarane i Sogn og Fjordane viser politisk vilje til å jobbe for ein omklassifisering av vegen, seier Vatne.

Smal, humpete, masse krappe svingar, dårleg dekke og trafikkfarleg. Dette karakteriserer det 14 kilometer lange vegstrekket på fylkesveg 60 frå Grodås i Hornindal til Møre og Romsdal grense og Stranda kommune.

Handlekraft

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ville lenge prioritere strekninga på topp etter utbetringa av Olden-Innvik. Fylkesvegen stod lenge på andreplass på prioriteringslista til Sogn og Fjordane fylkeskommune, blei flytta ned til fjerdeplass.

Det har skapt stor frustrasjon i næringslivet i indre Sunnmøre og Nordfjord at vegen er blitt flytta ned på prioriteringslista til fordel for andre vegprosjekt.

No etterlyser Vatne handlekraft.

– Politikarane i Sogn og Fjordane må vise kva dei vil med vegen frå Grodås og nordover, seier leiaren i samferdselsutvalet.

Omklassifisering

Vatne seier han har forståing for at problemet med vegen er at det må nye midlar til.

– Dersom ein skal forskottere så må det vere ein annan eigar som lovar å ta kostnaden innan kort tid. Det føresett at staten må ta over vegen, seier han.

Det krev også at politikarane i Sogn og Fjordane kjem på bana for å jobbe for ei omklassifisering av vegen.

– Vi har søkt om overføring av fylkesvegen til riksveg, men har ikkje fått svar på staten med omsyn til dette. Føresetnaden for dette er sjølvsagt at også Sogn og Fjordane søkjer om å få overført sin del av dette, held han fram.

Vatne er usikker på om saka kjem til å vere ei prioritering for politikarane i Sogn og Fjordane.

– Akkurat no ser det vanskeleg ut, det byrjar å bli mange riksvegar i Sogn og Fjordane no, så eg trur det vil ta tid.

Kostnadar på bordet

I tillegg må ein få kostnadane på bordet.

– Vi må finne ut kva kostnadane blir, og så må det gjennomførast ein reguleringsplan. Fyrst då vil ein kunne sjå realitetane i dette, seier Vatne.

– Men det er vel berre snakk om ein relativt liten flaskehals på 14 km?

– Det er det, men vi må framleis finne ut kor mykje det vil koste. Men sjølvsagt, dersom Sogn og Fjordane finn pengar til planlegging og gjennomføring, skal det ikkje stå på Møre og Romsdal at det ikkje blir gjennomført, seier Vatne.

Vidare fortel Vatne at dette er ein veg dei har valt å satse på.

– Vi har lagt store midlar inn i denne vegen, og det vil vi halde fram med slik at vi kan følgje opp vegen. Men då må Sogn og Fjordane kome på bana og sei kva dei vil.

Han meiner omprioriteringa av vegen har bidratt til å skape uvisse.

– Det er klart at ein føler seg usikker når prosjektet ein jobbar på ikkje får behalde prioriteten, seier Vatne.