Arne Braut, leiar i rovviltnemnda i Midt-Noreg, meiner at rovviltnemndene må få meir makt, og at det må visast meir skjønn i enkelttilfelle.
Han meiner det er alt for mykje matematikk og statistikk.
– Variasjonane i dette fantastiske landet vårt er så stort at rovviltnemnda må få meir myndigheit til å utøve ei forvaltning ut ifrå lokalkunnskap, seier Braut.
- Les også:
- Les også:
Fekk avslag
– Eg syntest det er veldig dårleg gjort av dykk som sit og styrer at dykk ikkje kan gjere noko med det. Det er rett og slett litt kvalmt.
Sauebonde Anne Grete Røymo heldt ingenting tilbake då ho hadde byråkratbesøk på garden sin i Øvre Sunndal i midten av mai.
I løpet av to år har ho mista heile 140 lam til jerven. Røymo ønskja å få moglegheit til å få fellingsløyve på jerven som har herja saueflokken, men fekk avslag på søknaden.
– Det er ikkje snakk om å utrydde jerven. Eg ønskjer berre moglegheita til å kunne ta ut den eine jerven som øydelegg så mykje for oss, sa Røymo.
- Les også:
– Gjer inntrykk
Braut har forståing for at sauebøndene syntest situasjonen er frustrerande.
– Det gjer sjølvsagt inntrykk når bønder må vurdere å slutte på grunn av rovdyr. Spesielt når ein ser den entusiasmen og måten det blir drive matproduksjon på, seier han.
Viltforvaltar Astrid Buset hos fylkesmannen vil ikkje uttale seg om saka, men seier at ting er på gang.
– No har departementet sett i gong ei evaluering av rovviltforvaltninga i Norge. I tillegg er ein i gong med å samanlikne det norske forvaltningssystemet med den svenske modellen, seier ho.
- Les også:
- Les også:
I mai fekk sauebonden Anne Grete Røymo byråkratbesøk på garden sin i Øvre Sunndal. Sjå tv-saka her: