NRK Meny
Normal

– Må vere merksame på utfordringane

– Lokaldemokrati og folkeleg deltaking blir ei utfordring i ein framtidig regionkommune, vedgår varaordførar Tore Johan Øvstebø frå KrF.

Tore Johan Øvstebø

Ålesund har noko å tilby ein større kommune, seier Tore Johan Øvstebø.

Foto: Trond Vestre / NRK

Han seier det er svært viktig å vere merksam på desse utfordringane dersom ein skal slå saman Ålesund og fleire mindre kommunar.

– Ålesund blir av nokre av småkommunane nesten sett på som ein trussel, fordi vi er så store. Difor er det viktig at vi greier å skape noko nytt saman. Samtidig er det vesentleg å tenke at Ålesund har noko å tilby inn i ein ny større kommune, seier Øvstebø.

Han viser til svært god kompetanse i fleire av forvaltningsområda, Ålesund representer eit tyngdepunkt i næringslivet og kan også vere eit sterkt talerøyr inn mot fylkeskommunen og staten.

Ønskjer å skape noko nytt

– Saman har vi ulike ressursar, og saman kan vi skape noko nytt, seier Øvstebø, som vedgår at dei har dårleg tid.

Før påske skal ein intensjonsavtale om regionkommunen vere klar, før kvar enkelt kommune skal ta stilling til kva dei skal gjere.

– Det avtaleutkastet må vi stå saman om, og her blir lokaldemokratiet svært viktig. For ikkje nokon må føle seg som ein utkant i forhold til det nye som blir skapt, seier varaordføraren i Ålesund.

– Må kunne påverke

Harry Valderhaug

Giske-ordførar Harry Valderhaug har som mål å få større engasjement også når det ikkje er val.

Foto: Trond Vestre / NRK

Partikollega og ordførar i Giske, Harry Valderhaug, seier målet må vere å auke lokaldemokratiet.

Då blir representasjon og korleis ein skal sikre at alle kan påverke politiske vedtak svært viktig.

Det meiner Øvstebø kan bli løyst gjennom lokalkommuneutval, og med direkte val til desse utvala. Han viser også til ein kommune i Danmark der ein koordinator knyter innbyggarinitiativa til administrasjon og kommunestyret.

– Då vil det som skjer lokalt av prosessar kome vidare og få drahjelp til å påverke den reelle politikken, seier Øvstebø.