I løpet av ein sommarsesong får Geiranger besøk av nesten 200 cruiseskip. I høgsesongen kan det ligge både fire og fem turistskip på fjorden same dag. Då kan disen av røyk frå skipa ligge som eit teppe over turistbygda.
I all hovudsak er det slik at det er dei eldste skipa som slepper ut mest røyk og dei nye slepper ut minst. Framleis kjem det skip inn fjorden med maskinar som legg igjen mykje røyk blant fjella.
– Svært gledeleg
Denne helga blei det kjent at miljøvernministeren vil hindre dei mest forureinande skipa å kome inn i verdsarvfjordane. Dette er dagleg leiar i Stiftinga Geiranger verdsarv svært godt nøgd med.
Merete Løvoll Rønneberg er fungerande dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv.
Foto: Stiftinga Geiranger verdsarv– Dette er svært, svært gledeleg. Dette er ei sak som verdsarvstiftingne både i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden har arbeidd for i mange år. Det er fantastisk å høyre noko slikt frå miljøvernministeren, seier dagleg leiar Merete Løvoll Rønneberg til NRK.
– Forvaltning i verdsklasse
Allereie no er lista over skipsanløp i Geiranger 2019 i ferd med å fylle seg opp. Om lag halvparten av alle skipsanløpa er alt på plass. Eitt av skipa, som skal vere i Geiranger i juli 2019, er Aurora som er avbilda øvst i denne artikkelen i samband med eit anløp i 2006.
– Dei statlege styresmaktene har høge ambisjonar. Verdsarvområda skal vere fyrtårn, altså den fremste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning. Det er viktig å ta vare på verdiane som har ført oss inn på UNESCO si verdsarvliste. Vi ønskjer oss ei forvaltning som er i toppklasse, seier Løvold Rønneberg.
– Verstingane må ut
Dei vestnorske fjordlandskapa, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden kom inn på verdsarvlista til UNESCO 14. juli 2005. I vedtaket heiter det at det vestnorske fjordlandskapet inneheld klassiske, framifrå velutvikla fjordar. Med fjella og fossar som kastar seg rett i fjorden er dette noko av dei vakraste fjordlandskapa på kloden, heiter det i vedtaket.
Dermed kan der ligge ein kime til konflikt mellom det å ta vare på området slik det er, og å ha området tilgjengeleg for alle som vil besøkje det til ei kvar tid.
– Vi trur at desse områda må forvaltast på ein heilskapleg måte som gjer at vi kan ta imot besøkande. Dei som kjem på besøk skal jo få oppleve dette området. Dei skal få sjå kor viktig det er å ta vare på nokre område i verda for komande generasjonar. I dette ligg det at det er dei beste og minst forureinande cruiseskipa som skal få adgang til fjordane. Verstingane, dei som forureinar mest, må haldast utanfor, seier Merete Løvold Rønneberg.