– Må styrke Raumabanen

NHO i Møre og Romsdal er uroa når godstransporten som i dag blir frakta med Raumabanen skal over på veg. Når godstoget blir avvikla fører det kvar månad til 1100 ekstra vogntog på europavegen. Dette er ikkje vegen dimensjonert for, meiner NHO, som også peiker på auka utslepp som ein konsekvens. Difor må styresmaktene snarast finne ei løysing som styrkar og ikkje svekkar godstransporten på Raumabanen.

Godstrafikk i Romsdalen
Foto: Remi Sagen / NRK