Politikarane har leita, men har førebels ikkje kome med ei løysing som gjer det mogleg å halde fram med skulefritidsordning, SFO, i dei tre krinsane til hausten.
– Risikerer å måtte seie opp
Reidun Gundersen Bø arbeider på Hareid sjukeheim og har to døtre. Den eine er fem år og den andre er sju og går på Bigset skule. Mannen er sjømann og er vekk annankvar månad. Ho får problem dersom SFO blir lagt ned.
– Viss eg ikkje greier å få nokon til å passe, så kan det rett og slett føre til at eg må seie opp jobben min. Det er ikkje så mange jobbar ein får mellom klokka halv ni og ett, seier Gundersen Bø.
– Forferdeleg
SFO er ei ordning for barna mellom 1. og 4. klasse, der dei minste og dei med spesielle behov blir prioritert. Før har det vore omlag 70 plassar i Hareid, til hausten blir det 30. Gundersen Bø synest det er forferdeleg og meiner det kjem til å gå ut over mange, ikkje minst ungar som er for små til å gå laust i bygda, seier ho.
Foreldra reagerer også på måten SFO blir lagt ned på. Gundersen Bø meiner kommunen har burde spurt foreldra om dei er villege til å betale ekstra eller redusere timetalet for å få behalde tenesta. Det har dei ikkje gjort.
Sparte 480.000
Det er lovbestemt at alle kommunar skal ha ei SFO-ordning. Det er likevel ikkje sagt noko om kor mange ein skal ha, og kvar skule treng ikkje å ha tilbodet. I desember bestemte politikarane i Hareid at tilbodet skulle samlast i Hareid sentrum og med det spare 480.000 kroner.
Varaordfører Willy Nesset beklagar den fotvilte situasjonen foreldra i krinsane kjem i.