Hopp til innhold

– Må opne opp for 3-årig fagutdanning

Talet på fagskuleelevar som vidareutdannar seg innanfor fagskulesystemet har auka kraftig dei siste åra.

Tegning Ålesund kunstfagskole

Ålesund kunstfagskole og dei andre fagskulane kjem godt ut av ein rapport utarbeidd av NTNU.

Foto: Hans-Olav Landsverk/NRK

Det viser ein rapport som forskar Joakim Caspersen ved NTNU har utarbeidd saman med Høgskulen i Oslo og Akershus.

– Fagskulane har eit tilbod som blir oppfatta som veldig relevant for denne yrkesfaggruppa. Samanlikna med tidlegare undersøkingar har fagskulane også blitt betre i stand til å gå eit tilbod, seier Caspersen.

Sjølv om det naturleg nok er skilnader mellom fagområda meiner forskaren at fagskulane samla kjem godt ut av undersøkinga.

– Fagskulane blir vurderte som relevante, har eit godt tilbod og undervisarane har god kompetanse.

Tar til orde for 3-årig utdanning

Ragnar Johansen

Rektor Ragnar Johansen meiner rapporten viser at fagskulane må få tilby ei tre-årig utdanning.

Foto: Terje Reite / NRK

Både dei gode orda og den ferske rapporten blir godt mottatt av styreleiaren i Norske fag- og friskolers landsforbund, Ragnar Johansen. Han er samtidig rektor ved Ålesund kunstfagskole.

– Det er gledeleg at rapporten viser at også fagskulane går i djubda. Det opnar også opp for tre-årige fagskuleutdanningar. Då får ein eit tredje år der ein spesialiserer seg i staden for å måtte gå over på ei akademisk utdanning.