Hopp til innhold

– Ein ferjefri E39 må ikkje bli ei sovepute

NHO krev satsing på ferjene i åra som kjem sjølv om store fastlandssamband skal avløyse ferjene.

Køane på ferjesambandet Halsa-Kanestraum er blant dei lengste i landet. Molde-Vestnes kan få same problemet.

Køane på ferjesambandet Halsa-Kanestraum er blant dei lengste i landet. Molde-Vestnes kan få same problemet.

Torill Ytreberg, regiondirektør NHO

Det er viktig at vi har eit fullgodt tilbod heilt til den dagen vi har ferjefri forbindelse, seier regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Regiondirektøren i NHO, Torill Ytreberg, meiner at det må bli satsa på eit betre ferjetilbod i åra som kjem, sjølv om store fastlandssamband vil avløyse ferjene om nokre år.

Køar og attståande bilar skaper problem på fleire ferjesamband i Møre og Romsdal.

– Ein ferjefri E39 må ikkje bli ei sovepute. Vi presiserer ovafor alle aktørar at det er viktig at vi har eit fullgodt tilbod heilt til den dagen vi har ferjefri forbindelse. Det skal fungere optimalt heilt til det stenger, seier Ytreberg.

– Eit stort problem

Ho fortel at attståande bilar er eit stort problem hjå dei mest trafikkerte sambanda i fylket.

– Vi treng hyppigare avgangar, gjerne kvart tjuande minutt på dei mest trafikkerte sambanda. Det må vi jobbe for å få til.

Ho meiner at det held ikkje å få ferjefrie forbindelsar om 10–15 år, men at det må på plass no. Halsa-Kanestraum er sprengt og Molde-Vestnes er i ferd med å bli kritisk.

– Det er ei stor utfordring, og det må og løysast. Men korleis skal ein handtere dette når anbodsperiodane er lange? Ein bør ta høgde for at ein kan regulere dette i forhold til trafikkauke.

Katastrofale ferjesamband

Ytreberg syns at talet på attståande bilar i sambandet Halsa-Kanestraum er katastrofe.

– Stressfaktoren på trafikkerte ferjesamband er høg, og dette kan også gi ei auke i ulukker. Det må vi for all det unngå. Ferjene skal fungere heilt til det nye tilbodet står ferdig, seier regiondirektøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL