Hopp til innhold

– Må halde oss innanfor ramma

Styreleiar ingve Theodorsen begynte med å gjennomgå alle høyringsfråsegnene, då styret i Helse Møre og Romsdal begynte å behandle saka om nedlegging av Mork rehabiliteringssenter.

– Vi skal ha respekt for skepsisen som ligg i høyringsfråsegnene. Og vi skal ha desse med oss når vi behandlar saka. Men politikarane har gitt oss ei økonomisk ramme. Dei meiner at dei pengane vi har fått er tilstrekkeleg til å gje god helsehjelp til befolkninga i Møre og Romsdal, sa Theodorsen.

Han viste til at Helse Møre og Romsdal står framfor ein vanskeleg og omfattande prosess for å tilpasse drifta til dei pengane helseføretaket rår over.

– Vi står overfor vanskelege val, sa han.

Styreleiar Yngve Theodorsen på styremøtet i Helse Møre og Romsdal 1. februar 2023
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL