Hopp til innhold

– Vi treng ein modig sjukehusleiar

Mellvin Steinsvoll i «Folkeaksjon ETT sykehus for Nordmøre og Romsdal» håper den nye styreleiaren i Helse Møre og Romsdal viser seg å vere ein hard nagl.

Mellvin Steinvoll

Pressetalsmann Mellvin Steinsvoll i «Folkeaksjon ETT sykehus for Nordmøre og Romsdal» håper den nye styreleiaren i Helse Møre og Romsdal vågar å ta upopulære avgjersler.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Den nye leiaren av helseføretaket må vere modig, om vi i framtida skal ha eit sjukehus mellom Trondheim og Ålesund, seier talsmann i Folkeaksjonen for eitt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, Mellvin Steinsvoll.

– Bra at han kjem utanfrå

Talsmannen trur fylket kan bli nedprioritert dersom ein ikkje klarar å kome til ei løysing. At helseføretaket no har fått ein ny styreleiar i Stein Kinserdal, har han derfor store forventningar til. Steinsvoll trur nemleg Kinserdal, som er sjukehusdirektør i Vestfold, står friare enn forgjengaren fordi han nettopp fordi han kjem utanfrå.

– Eg trur det er veldig avgjerande. Han har ikkje med seg noko handikap for å klare den jobben.

I ei så betent sak som lokaliseringsstriden i Romsdal og Nordmøre, trur han det er ein klar fordel å ikkje for ha nær kjennskap til dei ulike aktørane og meiningsmotstandarane.

– Når ein person i nærmiljøet skal prøve å skjere igjennom med ei så viktig sak, så er det vanskeleg. Då er det nok betre at det kjem utanfrå.

Må skjere igjennom

Stein Kinserdal

Stein Kinserdal er ny styreleiar i Helse Møre og Romsdal. Han tek over rolla etter John Harry Kvalshaug.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Men går det an å skjere igjennom og bli einige om ei lokalisering så lenge motsetjingane er så sterke?

– Motsetjingane kan vere sterke, så her må det også vere ein sterk mann til å skjere igjennom og få dette på plass.

– Eit sjukehus for fagfolk

– Vi må først og fremst skape eit sjukehus som klarer å rekruttere fagfolk. Det må bli eit sjukehus som nordmøringane og romsdalingane oppfattar som sitt eige. Det må også vere eit sjukehus som over tid leverer det folk kan forvente, sa Kinserdal til NRK etter at han vart utnemnd som styreleiar.

Den ferske styreleiaren la til at han ikkje såg for seg at stridsøksa vil bli gravlagd før det nye sjukehuset er ferdig og har vore i drift ei stund.

Sjå dei ulike sjukehusforslaga her: