Må stå igjen
Dagleg leiar i Aukra næringsforum, Steinar Melbø, seier han dagleg høyrer klager frå næringslivet som må stå igjen fordi ferjene er fulle.
– Taper 50.000 dagleg
Melbø seier at næringslivet i Romsdal taper omlag 50.000 kroner dagleg fordi kapasiteten på ferjesambandet Aukra - Hollingsholmen ikkje er god nok.
Stiller krav
I eit brev til Fylkeskommunen og Vegvesenet, krev han at det snarast vert ei ordning. Då anleggsarbeidet starta i sommar var det ei ekstra ferje men deretter har problemet berre auka, seier Melbø.