NRK Meny

– Må ha direkte kontakt med PST

Gassanlegget på Nyhamna i Aukra blir overvåka av norske styresmakter og blir sett på som eit muleg terrormål. Frykta er at uvedkommande tar seg inn på anlegget og rammar kraftforsyninga til andre land som er avhengige av norsk gass. Men inntrengarane kan og kome seg inn via andre kanalar. – Det viktigaste selskapet kan gjere er ikkje først og fremst gjerda rundt anlegget, men den direkte kontakten med PST, seier administrerande direktør i Gassco, Frode Leversund.

Nyhamna
Foto: Gunnar Sandvik / NRK