Hopp til innhold

– Må få meir av samferdselspengane

– Det må kome ein opptrappingsplan for fylkesvegane i Nasjonal transportplan. Det er eitt av krava frå fylkespolitikarane som i går møtte stortingsrepresentantane på Mørebenken. Leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim frå Senterpartiet, har klåre forventningar om at fylkesvegane får eit løft. Eitt anna krav er at fylket får meir av samferdselspengane enn det har fått før. Av riksvegprosjekt peika fylkespolitikarane på E136 Ålesund-Innlandet grense og E39 mellom Ålesund og Molde.

Kristin Sørheim (Sp), leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal.
Foto: Trond Vestre / NRK