I går raste fleire tusen kubikkmeter med stein ut frå fjellet ved Tafjord i Norddal kommune.
Raset gjekk ved sidan av det store raset som kravde 40 menneskeliv i 1934.
Ellinor Ruset bur i Fjøra og ho trudde eit nytt stort ras kom.
- Eg tenkte med meg då med det same at no kjem det! Eg stod lenge og såg og rekna eigentleg med at det kom meir, seier Ruset. Ho blei engsteleg og byrja tenkje på kven som blir råka og kva ein må hjelpe til med og kva som skjer, fortel ho.
Ingen vart skadd då raset gjekk i går. Klara Norgår Olsvik var 11 år då raset gjekk i 1934. Minna frå den gongen vart vekte då ho såg raset i går. Ho hugsar godt 7. april i 1934.
- Først så var det det forferdelege bråket og så var det ein transformator som eksploderte akkurat då når eg såg ut. Og dei flammane i fleire fargar og høgt...
- Når drønnet gjekk i går då?
- Då kippte eg meg slik at - eg har ikkje gått og vore redd, men det er litt skræmande, seier Olsvik.