Hopp til innhold

– Luther avgjerande for vår arbeidsmoral

Andreas Bakke, forsamlingsleiar i Norsk luthersk misjonssamband i Ålesund, meiner at vi framleis kan finne tydlege spor av Luther sine tankar og meiningar i samfunnet i dag.

Andreas Bakke

SENTRAL: Andreas Bakke er forsamlingsleiar i Norsk luthersk misjonssamband (NLM) i Ålesund. Han trur arven frå Luther er sentral for norsk arbeidsmoral.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I dag er det 500 år sidan Martin Luther slo opp sine 95 teser på døra til slottskyrkja i Wittenberg i Tyskland.

Bakke meiner at arven frå Luther har vore sentral for norsk arbeidsmoral.

Han fortel at det er fordi Luther var opptatt av kallsetikk og at bibelen formidla eit tydleg kall til alle menneske om å gjere arbeidet sitt best mogleg.

– I Noreg og i store delar av Nord-Europa har vi gjerne ein høgare arbeidsmoral enn ein kanskje kan finne lenger sør. Dette tenker eg er ein del av arven vi har fått med oss frå Luther, seier Bakke.

Martin Luther. Statue i Wittenberg

TESENE: Martin Luther var kritisk til avlatshandelen i pavekyrkja. Dei 95 tesene han slo opp på slottskyrkjedøra i Wittenberg tok tak i fleire ting kring avlatet. Denne statuen av Luther står i Wittenberg.

– Gjorde at religionen kom nærare folk

Dei 95 tesene bidrog til å sette i gang reformasjonen, dei religiøse omveltingane som etter kvart nådde Noreg rundt året 1537.

Ein annan ting Bakke trekk fram som sentralt etter arven frå Luther, er at han omsette bibelen til tysk. Bakke trur dette har vore vesentleg for å gjere religionen meir tilgjengeleg for folk.

– Folk skulle sjølv få lese bibelen og meine noko om det som stod der. Det skulle ikkje vere noko berre prestar og utdanna folk kunne gjere, seier Bakke.

I samband med 500-årsmarkeringa vil det bli halde reformasjonsgudsteneste i Nidarosdomen i kveld. Gudstenesta kan du sjå her frå kl. 19.30.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL