Svein Atle Roseth
Fjerne eksportstøtta
Noreg har mellom anna forplikta seg til å fjerne eksportstøtta, men Roseth trur det vil vere mogleg å forhandle fram ei omstillingsperiode som gjer at bedrifter kan fortsette sjølv om støtta forsvinn.
Det har herska tvil om kva Noreg har forplikta seg til i rammeavtalen som medlemslanda i WTO underteikna i juli.
Lars Sponheim
Uklart kva avtalen inneber
Noregs Bondelag meiner at avtalen vil koste 20.000 arbeidsplassar i jordbruket, medan landbruksminister Lars Sponheim seier at bondelaget svartmålar og feilinformerer.
I tillegg har Tine signalisert at dei vil flagge ut produksjonen av Jarlsbergost frå Elnesvågen til USA fordi eksportstøtta vil forsvinne.
Det var på bakgrunn av dette Roseth ba landbruksdepartementet om svar på kva avtalen eigentelg inneber. No meiner han ein bør vere vakne framover.
Omstillingsperiode?
Roseth seier han vil kontakte statssekretær Leif Helge Kongshaug i Landbruksdepartementet og få oversikt over tidsplanen slik at ein veit når siste toget går. På den måten kan alle involverte vite når dei skal vere aktive og kan legge fram synspunkta sine.
Målet er å kome fram til ei omstillingperiode som gjer at bedrifter kan fortsette sjølv om eksportstøtta forsvinn.
Roseth innser at det blir forandringar framover, men hovudsaka er at bedriftene får tid på seg til å forandre på sitt opplegg, seier han.
– Vi treng heller ikkje ta inn over oss ei verre løysing enn den vi strengt tatt er nødd til å få i ein lengre forhandlingsrunde, seier fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth.