Hopp til innhold

– Lokaloppgjer er meir enn ein vanleg kamp

ÅLESUND/MOLDE (NRK): Det er klart for eitt av høgdepunkta innan idretten i Møre og Romsdal. Aalesund og Molde barkar saman. Det er lokalderby i Eliteserien.

Trond Fredriksen Ole Gunnar Solskjær

Dei to trenarane, Aalesunds Trond Fredriksen og Moldes Ole Gunnar Solskjær ser fram til ein tøff og morsom batalje når dei to laga møtes til lokaloppgjer i Ålesund laurdag.

Foto: Terje Reite/Trine J. Aandahl / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Berre to poeng skil dei to laga når dei spring ut på matta på Color Line Stadion i Ålesund laurdag klokka 18.00. Begge laga kjempar i toppen av Eliteserien. Det ligg an til eit heftig oppgjer både på bana og på tribunane.

Dette er ikkje berre ein vanleg kamp, sjølv om det blir delt ut berre tre poeng i denne kampen også. Det er meir enn som så. Det handlar om supporterar som skal ha rett til å kalle seg fylkets beste. Det betyr mykje å vinne og å vere best. Mange av spelarane kjenner kvarandre godt. Det er rivalisering, men med god stemning både blant spelarar og supporterar, seier Ole Gunnar Solskjær.

– Engasjementet i Ålesund er i ferd med å bli vekt til live igjen. Ingen ting er meir gøy enn å vere til stades på stadion og oppleve situasjonane og stemninga. Eg elskar rivaliseringa med både Molde og Hødd. Dette betyr noko ekstra for svært mange, seier AaFK-trenar Trond Fredriksen.

To jamne rivalar

Det er to lag som ligg svært nær kvarandre på tabellen. For begge laga handlar det om å henge med i toppen av Eliteserien.

– Vi er to gode fotballag som er i godt slag. Både AaFK og Molde har fått sving på ting. Begge laga spelar god fotball. Det ligg an til å bli ein svært spennande kamp. Og dette skjer på Color Line Stadion. Det er til vår fordel, seier AaFK-trenar Trond Fredriksen.

– Molde har svært god statistikk mot Aalesund. Og vi har noko å revansjere frå kampen i vårsesongen. AaFK vann i ein kamp der Molde skapte mange sjansar. Dei scora eit fantastisk mål før pause og forsvarte seg bra. No er vi i bra form, vi ser ut som eit lag igjen, og vi vil vere det mestscorande laget i Noreg, seier Solskjær.

Spente spelarar som gler seg

Stian Gregersen

Moldespelar Stian Gregersen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Spelarane på både Molde og Aalesund er svært klar over at det går mot lokaloppgjer og at det blir ei spesiell ramme rundt kampen.

– Å spele mot Aalesund er alltid artig. Vi gler oss. Det er eit lokaloppgjer. Og vi har ei høne å plukke med dei. Det gjekk ikkje så bra for oss i dei to siste kampane. No er det på tide at vi vinn, seier Molde-spelar Stian Gregersen.

Fredrik Carlsen

AaFK-spelar Fredrik Carlsen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi gler oss og har fått trent godt denne veka. Vi skal opp på det nivået vi veit at vi har inne. Og lokaloppgjer har sitt eige liv. Vi må vere på nett når kampen startar. Vi ønskjer å slå alle lag. Molde er bra, og sikkert betre enn då vi møtte dei i vår. Vi må opp på vårt beste nivå, seier AaFK-spelar Fredrik Carlsen.

Tenningsnivå i lokaloppgjer

Eit av spenningsmomenta framfor lokaloppgjeret er korleis spenningsnivået hos spelarane slår ut. For hos mange kriblar det litt ekstra allereie.

– Til ein slik kamp blir kanskje spelarane litt ekstra spent og gler seg meir og meir til kampen dess nærare kampdagen ein kjem. Vi byggjer opp og samlar mykje energi. Så blir det mi oppgåve å temperere treningane slik at vi har nok energi når vi spring ut på matta laurdag, seier Solskjær.

– Alle spelarane våre er vane med lokaloppgjer, uansett kvar dei kjem frå. Også utlendingane veit kva dette handlar om. Dei var med i kampen borte mot Molde. Der såg dei kjapt at dette var eit lokaloppgjer som betyr noko heilt spesielt. Så handlar det litt om å lese tenningsnivået på spelarane inn mot kampen, seier Trond Fredriksen.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL