Hopp til innhold

– Lokaliseringsvedtaket er endeleg

Ingenting vil rokke ved lokaliseringsvedtaket i sjukehussaka, det seier to av medlemene frå kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Michael Tetzschner, og Bård vegar solhjell

Verken Bård Vegar Solhjell (SV) eller Michael Tetzschner (H) trur lokaliseringsvedtaket i sjukehussaka blir endra.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX/NRK / Kollasj

Det var under Politisk kvarter på NRK fredag morgon, at kontroll- og konstitusjonskomite-medlemmene Bård Vegar Solhjell (SV) og Michael Tetzschner (H) møttest til diskusjon.

Fredag klokka 09:00 starta den opne høyringa om sjukehusplasseringa i Møre og Romsdal. Påstandar om press, korrupsjon og avgjerder teke utanfor formelle organ er bakteppet for høyringa.

Vedtaket er tatt

Tetzschner har ikkje tru på at lokaliseringsvedtaket blir endra. Han seier at til trass for kva nokon meiner om kva som er ideell kommunikasjon etter eit slik vedtak, så blir det snakk om fine nyansar som ikkje vil ha noko betydning for om vedtaket knytt til lokaliseringa av sjukehuset er gyldig eller ikkje.

– Det er ingen som har reist spørsmål om sjølve vedtaket er gyldig. Avgjerda er tatt av dei riktige personane, nemleg departementet med helseministeren i spissen, seier han.

Solhjell er samd.

– Vedtaket om lokaliseringa av eit nytt sjukehus i Møre og Romsdal er tatt, og kontroll- og konstitusjonskomiteen er ikkje ein ankeinstans for dette, seier han.

– Høyringa dreier seg om den prosessen og måten avgjerda blei tatt, og om den var i tråd med helseføretakslova, held han fram.

– Viktig å sette fokus på saka

Solhjell meiner det er viktig å sette søkjelyset på dei problemstillingane som har oppstått i samband med sjukehussaka. Ifølgje han skal helseføretakslova sikre ein open og ryddig avgjerdsprosess ved at avgjerder blir tatt i formelle møter der styret er utpeikt. Solhjell er usikker på at dette er realiteten i sjukehussaka.

– Fyrst og fremst fordi det har vore reist sterk tvil om det har vore kontakt, møter, omfattande diskusjonar og kanskje til og med press på avgjerdene i forkant, særleg mellom det lokale og det regionale helseføretaket. Det er årsaka til høyringa, seier han.

Solhjell meiner ein slik diskusjon har betydning utanfor denne saka fordi det er ganske mange stolpre og kontroversielle saker som blir diskutert i helse Noreg. Han meiner det er viktig å trekke opp grenser og legge fram ei sak om korleis Stortinget meiner at ein slik sektor skal styrast.

Ikkje i tvil

Tetzschner har derimot full tillit til at helseføretakslova blei følgt. Han meiner høyringa er unødvendig og at det er ingenting av det som er kjent til no som tilseier at føretakslova har blitt brote. Ifølgje han er høyringa eit misbruk av kontrollfunksjonen fordi det ikkje er sjølve vedtaket som er oppe til høyring.

– Dersom ein meiner at lover og regler ikkje er følgt i forvaltningsvedtak så kan ein angripe det gjennom vanlege klagemoglegheiter utan å bruke kontroll- og konstitusjonskomiteen si tid, seier Tetzschner.