Hopp til innhold

– Livet er ikkje over

Ei sykkelulykke gjorde at livet fekk ei heilomvending. Brått vart fysioterapeut Sigurd Groven lam, og han som er van med å hjelpe andre må brått ha hjelp sjølv.

Sigurd Groven

VART LAM: Sigurd må trene på å vera oppreist etter å ha vore lenge sengeliggande etter sykkelulykka som gjorde han lam. Her er han på opptrening på Sunnaas sykehus HF.

Foto: Privat

Dei har sykla heile dagen, vennegjengen, for dei er har sykkelhelg og nyt den årlege turen på hytta til Sigurd Groven i Vågå.

Denne dagen er det terrengsykkel som står på timeplanen, og dei har tatt turen til Lom. Seint på laurdag ettermiddag er dei sju syklistane på veg ned til Soleggen.

Alt går ikkje som det skal.

– Der kom me ned eit skogsparti og så mista eg kontroll over sykkelen. Eg køyrde hovudet rett inn i eit tre, seier Sigurd Groven.

– Eg høyrde det small bak i nakken, og eg kjente med ein gong at det var noko alvorleg gale, seier han.

Skjønte han var lam

Det er laurdag den 13. juni 2015, klokka 18.30, og den 38 år gamle fysioterapeuten ligg på bakken i skogen.

Venene ringjer 113, og gir opp GPS-koordinatar. Dei prøver heile tida å halde kameraten mest mogeleg stabil, og sjølv er Sigurd fullt klar over kor alvorleg situasjonen er.

Sigurd Groven

AKTIV: Sigurd er aktiv og likar å vera ute. Dette biletet er frå då han var på sykkeltur på Liahornet i Liabygda i fjor haust.

Foto: Privat

– Eg var bevisst heile tida, og eg var heilt innforstått med kva som hadde skjedd med meg, umiddelbart etter det skjedde, seier Sigurd.

– Eg kjente etter, og kjente at eg var lam. Det første eg tenkte var «Ja! Armane verkar. Då kan eg få eit greitt liv», seier han.

«Du må sette deg ned»

Heime på Skodje er kona til Sigurd, Lene Groven, uvitande om kva som har skjedd. Ho er saman med dei fem barna deira, den minste på 3,5 månader, den eldste på 15 år.

Sigurd ringjer sjølv til Lene for å gi den tunge beskjeden.

Sigurd Groven

RINGDE KONA: Sigurd Groven er fysioterapeut på eit fysikalsk institutt som han driv saman med kona si. Etter sykkelulykka skjønte han at han var lam, og ringde sjølv kona for å fortelje det.

Foto: Reidar Opsal / Bygdebladet

– Han var forholdsvis roleg, men eg høyrde at han var annleis. Då han sa «Du må sette deg ned» skjønte eg det at det var noko kritisk, seier Lene Groven.

– Han sa han hadde skada seg, men sa: «Det går bra, eg lever, men eg har skada meg veldig. Eg er veldig sikker på at eg har knokke nakken og at eg er lam».

Sigurd Groven med familie

DÅP: Sigurd Groven med familie under dåpen til minstemann, Ragnar, i mars i år. Frå venstre: Sivert (6), Lene, Hanna (10), Nora (15), Ragnar (3,5 månader), Amund (8) og Sigurd.

Foto: Privat

Lene får sjokk, ho veit ikkje heilt kva ho skal seie. Tårene kjem.

– Eg grein, og så sa eg at eg var glad for at han levde. Eg sa eg skulle komme til han så fort som mogeleg. Eg sa at dette skulle me klare, og me var veldig einige om det, seier Lene.

Lam frå kragebeinet

I Lom blir Sigurd liggjande i halvannan time før ambulansepersonellet kjem seg til staden. Dei får stabilisert Sigurd, får klipt av han noko av kleda, og får tatt av han hjelmen.

Sigurd får på seg nakkekrage og får morfin før han blir frakta på båre vidare i skogen. Han blir heist opp i helikopter, og blir flydd direkte til nevrologisk på Ullevål universitetssykehus.

Sigurd Groven på opptrening

PÅ OPPTRENING: Sigurd held motet oppe, og tar steg for steg i opptreninga etter ulykka.

Foto: Privat

Skaden blir konstatert, og Sigurd blir operert neste morgon.

– Eg hadde smadra den sjuande nakkevirvelen, så dei tok bein frå hofta og sette det inn der, og så stabiliserte dei og stiva av det området. Men, eg har skada ryggmargen og har såkalla komplett skade, seier Sigurd.

– Det vil seie at eg er lam frå eit lite stykke under kragebeinet og nedover. Der har eg ikkje følelse, seier han.

– Livet er ikkje over

Sigurd og kona Lene Groven har dei siste ti åra drive Fysiotrimmen AS, eit fysikalsk institutt på Sjøholt i Ørskog kommune. Lene har det administrative ansvaret, og Sigurd jobbar som fysioterapeut. Og så har dei fem barn.

Sigurd Groven med familie

PÅ BESØK: Lene og dei fem barna betyr svært mykje for Sigurd. Dei bur hjå slekt og vener medan Sigurd er på rehabilitering, og dei er ofte på besøk på Sunnaas sykehus HF.

Foto: Privat

Sigurd har mykje å kjempe for.

– Livet er ikkje over, det har berre forandra seg. Det kan komme mykje positivt ut av dette også, seier Sigurd Groven.

– For eksempel får eg meir tid saman med barna. Det er noko som ofte har vore litt vanskeleg i og med at eg er sjølvstendig næringsdrivande og jobbar mykje, seier han.

Han legg til:

– Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

God støtte frå kona

Ei veke har Sigurd vore på nevrointensiven på Ullevål, og har no kome til Sunnaas sykehus HF. Han har hatt møte med det tverrfaglege teamet som skal hjelpe han i rehabiliteringa, og han har prøvd å sitte i rullestol.

Kona og barna bur hjå slekt og vener medan Sigurd er på rehabilitering.

Sigurd og Lene Groven med minstemann Ragnar

TETT BAND: Lene er ei god støtte for Sigurd. Her er dei to saman med minstemann Ragnar på Sunnaas sykehus HF.

Foto: Privat

– Kona mi er så sterk og stødig i denne situasjonen at eg ikkje veit kva ord eg skal bruke for å beskrive den kjærleiken og omsorga ho viser meg. Ho støttar meg uansett, og ho går aldri frå meg, seier Sigurd.

– Hadde det ikkje vore for ho, så hadde alt dette vore forferdeleg mykje tyngre. Bandet mellom oss to er ein stor del av grunnen til at eg har klart å halde meg såpass oppe psykisk, og vera såpass positiv som eg er.

Skadde opplever god livskvalitet

Unni Heltne er spesialist i klinisk psykologi og dagleg leiar for Senter for Krisepsykologi i Bergen, og har også jobba som psykolog for pasientar med alvorlege ryggmargsskadar.

Unni Heltne

GODT LIV: Unni Heltne fortel at mange som har alvorleg ryggmargsskade føler dei har eit godt liv.

Foto: Senter for krisepsykologi

Ho seier forsking viser at mange menneske med alvorlege ryggmargsskadar lever gode liv, og at dei seier dei har høg livskvalitet.

– Det ser ut som om måten ting blir lagt til rettes, kva forhold dei har til familien sin, og kor meiningsfull kvardagen deira blir, betyr meir for dei enn sjølve skaden, seier ho.

– Menneske med veldig alvorlege skadar kan melde at dei synest dei har gode liv, samtidig som at menneske med mindre skadar kan synast livet er blitt fullstendig redusert og har blitt veldig vanskeleg, seier ho.

Korleis er sorgprosessen i slike situasjonar?

– Sorg kjem ofte når ein byrjar å ta innover seg kva som er forandra. Det kan vera sorg over det ein ikkje kan gjere meir, sorg over at familien kanskje må velje andre aktivitetar utover det dei har sett pris på å gjere eller anna, seier Heltne.

Oppturar og nedturar

Sigurd er positiv, og for han har støtta vore stor. Det er mange som veit kven han er der heime, og lokalavisa Bygdebladet trykte ei stor sak etter at uhellet skjedde.

Sigurd Groven takkar familie og vener på Facebook

TAKKAR VENER: Sigurd er takknemleg, og det gir han uttrykk for på sosiale medium.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Han er takknemleg, og dette har han gitt uttrykk for på Facebook. Han er positiv, og på innlegga der han takkar helsepersonell, familie, vener, kjente og ukjente, får han endå meir støtte.

– Eg har vore negativ også, nokre dagar. Det trur eg er ein naturleg del av sorgprosessen, seier Sigurd.

– Men, etter kvart som du byrjar å akseptere situasjonen, så må du liksom skru på den «fightingspiriten» og tenke at no skal eg gi alt eg har, mobilisere alt eg har, seier han.

Livet er ikkje over, det har berre forandra seg. Det kan komme mykje positivt ut av dette også.

Sigurd Groven

Vil tilbake til yrkeslivet

Sigurd Groven med minstemann Ragnar

MINSTEMANN: Sigurd vart lam frå kragebeinet og ned, og då ulykka skjedde var det at han framleis kunne bruke armane ei stor glede. Her er held Sigurd den 3,5 månader gamle sonen sin, Ragnar.

Det er endå mange ubesvarte spørsmål for Sigurd og familien. Nye rutinar må inn, og kanskje må familien bygge seg nytt hus. Sigurd er fast bestemt på at han vil fortsette og jobbe som fysioterapeut.

– Det skal eg klare. Ein må sette seg mål, veit du. Eg kan få eit vel så bra liv som tidlegare, med vel så bra livskvalitet. Det blir berre på ein annan måte, seier Sigurd.

– Eg har eit kjempegodt utgangspunkt, fordi eg er i god form. Eg har armane mine i behald, og har ein ressurssterk familie som støttar meg. Eg er sikker på at eg skal få dette til, seier han.

– Det løyser seg

Sigurd Groven

LYKKE: Sigurd deler opplevingane sine med vener, og då han kom seg opp i rullestol skreiv han om lykkekjensla på Facebook.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Etter sykkelulykka har Sigurd framleis armane i behald, og han trur han vil klare det meste sjølv. Han kjem til å halde fram med å vera aktiv.

– Sjølvsagt er det ein del avgrensingar, men det er også enormt med mogelegheiter. Det er desse eg fokuserer på, seier han.

– Beina er jo der til å flytte seg med, så det er klart at eg kan ikkje springe på fjellet lenger, men eg kan kanskje finne andre måtar å komme meg rundt i naturen på, og vera saman med familien på, seier han og legg til:

– Det skal nok løyse seg.

Sigurd Groven i rullestol

VIL JOBBE: Sigurd har som mål å komme attende til yrkeslivet, og vil fortsette å jobbe som fysioterapeut.

Foto: Privat