NRK Meny
Normal

– Lite fornuftig bruk av eld

10 meter høge flammar i skogsområde fekk publikum til å reagere. Brannvesenet bed politiet om å vurdere om grunneigar har brote lova.

Laster kart, vennligst vent...

Like etter klokka 14.00 laurdag rykte Vestnes brannvesen ut på det som kunne vere ein brann i vegetasjonen på Vikebukt. Elden var godt synleg frå Vestnes.

Vi fekk fleire telefonar om dette. Publikum melde om 10 meter høge flammar, seier vakthavande på 110-sentralen, Aage Henriksen.

Då dei kom fram viste det seg, ifølgje 110-sentralen, at det var ein av grunneigarane i området som hadde beordra ei avbrenning i eit hogstfelt.

Han påstod at han hadde kontroll, seier Henriksen. Men dette var slett ikkje fornuftig bruk av eld, legg han til.

Laster Twitter-innhold

Enden på visa blei av avbrenninga blei avslutta, og brannvesenet bed no politiet om å vurdere om hendinga var brot på forbodet mot å gjere opp eld i utmarka.

– Grunneigaren er også pålagd å halde vakt på staden, seier Henriksen til NRK.

Det har vore ein periode med lite nedbør i området. Men laurdag ettermiddag og søndag kan det kome litt yr og regn. Her kan du sjå langtidsvarselet for området der flammane sto 10 meter til vers laurdag.