NRK Meny
Normal

– Lånekassa i Ørsta bør bestå

Stortingsrepresentant Trond Giske frå Arbeidarpartiet er kritisk til nedlegginga av Lånekassa i Ørsta.

Trond Giske

Arkivfoto: Stortingsrepresentant Trond Giske frå Arbeidarpartiet møtte i dag dei tillitsvalde ved Lånekassa i Ørsta.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Styret i Lånekassa vedtok i slutten av august å mellom anna legge ned kontoret i Ørsta som har 22 arbeidsplassar. Om departementet godkjenner vedtaket blir kontora i Ørsta og Tromsø lagde ned innan 1. januar 2020. Ved kontoret i Bergen blir det tilsetjingsstopp, noko som inneber at kontoret forsvinn på sikt.

Stortingsrepresentant Trond Giske frå Arbeidarpartiet møtte i dag dei tillitsvalde i Ørsta som er kritisk til nedlegging av statlege arbeidsplassar.

– Bodskapen frå dei tillitsvalde ved Lånekassa i Ørsta var ikkje til å misforstå. Dei ønskjer å kjempe for arbeidsplassane sine og at Lånekassa skal halde fram i distrikta, seier han.

Giske meiner at ein heller bør desentralisere enn å sentralisere statlege verksemder.

– Dei synest det er meiningslaust at alle statlege arbeidsplassar skal ligge i Oslo, og det er eg einig med dei i, seier han.

Statens lånekasse for utdanning

Styret i Lånekassa ønskjer å mellom anna legge ned kontoret i Ørsta. Dei har fått dei tilsette til å reagere.

Foto: Lånekassen

Bør flytte arbeidsplassar ut i distrikta

Giske er einig i at det truleg blir mindre behov for slike kontor når teknologien fører til stadig meir digitalisering og automatisering. Han meiner likevel at dei stillingane som det er behov for, bør plasserast ute i distrikta.

– Det er ikkje mange som går innom eit Lånekassekontor, akkurat som vi sjeldan går i banken. Men det er nettopp denne teknologien som gjer at arbeidsplassane kan ligge kvar som helst i landet, seier Giske.

Han trekker fram Brønnøysundregisteret og innkrevjingssentralen i Mo i Rana som gode eksempel på dette.

– På desse plassane har ein ofte billigare husleige, meir stabil arbeidskraft og ein lettare situasjon på bustadmarknaden enn for eksempel i Oslo. Difor burde vi bruke dei statlege arbeidsplassane vi har til å spreie busetting og arbeid over heile landet, seier Giske.

Stortingsrepresentanten meiner at ein ikkje nødvendigvis treng å kutte i distrikta når stillingar skal reduserast.

– 22 arbeidsplassar er ikkje mykje i Oslo, men i ei kommune som Ørsta er det ganske vesentleg. Dei fleste statlege arbeidsplassane ligg i Oslo. Det er naturleg ettersom dei fleste direktorata og departementa ligg der. Likevel meiner eg at vi bør prøve å legge dei stillingane som ikkje må ligge i Oslo andre plassar, seier Giske.