NRK Meny
Normal

– Kvinneunderskotet er eit problem

Venstre meiner kvinneunderskot er i ferd med å bli det største utviklingsproblemet i Møre og Romsdal. På Venstre si valkampopning torsdag fekk kvinnene sei sine meiningar.

Steffen Falkevik (V), Sunniva Hellandsvik Ødegård, Maria Gauffin og Gunn Berit Gjerde

Steffen Falkevik (V), Sunniva Hellandsvik Ødegård, Maria Gauffin og Gunn Berit Gjerde på Venstre si valkampopning i Ålesund torsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Valglogo

I dag opna Venstre valkampen, og toppkandidat til fylkestingsvalet Gunn Berit Gjerde sette fokus på det ho meiner er eit stort problem i Møre og Romsdal, nemleg det store kvinneunderskotet.

– Det er eit stort problem fordi vi held på å bli så mannsdominert at vi får ei skeivutvikling. Vi må ha desse kvinnene for å tenke og for å vere med i samfunnsutviklinga elles så blir det eit skeivt samfunn, seier Gjerde.

Gjerde meiner det no blir viktig å snu utviklinga.

– No har vi innsett at dette er eit problem. Det er første skrittet på vegen i å gjere noko med dette, seier ho.

Ønskjer betre kollektivtilbod

Venstre hadde invitert to kvinner til si valkampopning i Ålesund i dag.

Siviløkonom Sunniva Hellandsvik Ødegård vurdera å flytte tilbake til Ålesund og leiar for Ålesund Storsenter Maria Gauffin som nyleg har flytta tilbake til Ålesund.

Sunniva Hellandsvik Ødegård, Maria Gauffin

Sunniva Hellandsvik Ødegård og Maria Gauffin ønskjer eit betre kollektivtilbod.

Foto: Trond Vestre / NRK

I dag utfordra dei begge Venstre på ei sak som er viktig for å få kvinner til å flytte til Ålesund, og som Venstre kan gjere noko med i fylkestinget, nemleg eit betre kollektivtilbod.

– Eit betre kollektivtilbod er viktig for å kunne bruke byen meir aktivt utanfor arbeidstida, på ettermiddagen og på kvelden. Det er også viktig for unge og born, seier Maria Gauffin.

– Ofte er det slik at ein må velje mellom å kome ein time for tidleg på jobb eller for seint. Det krev mykje planlegging dersom ein skal nytte seg av dagens kollektivtilbod, seier Sunniva Hellandsvik Ødegård.

Ein tankevekkar

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde meiner det er viktig å hindre eit stort kvinneunderskot.

Foto: Trond Vestre / NRK

Gjerde meiner at det er ein tankevekkar at desse kvinnene legg så stor vekt på kollektivtilbodet.

– Når dei ikkje kjem seg på jobb eller ikkje kan nytte seg av kollektivtransport for å hente og levere borna i barnehagen, då er det noko gale med tilbodet, seier ho.

– Er det realistisk å tru at de kan gjere noko med dette i fylkestinget?

– Vi både kan og må gjere noko med det, og vi er budde på det, seier Gjerde.