– Kvinner er meir enn eit tiltak for å betre fødselsstatistikken

Ei av dei største utfordringane i Møre og Romsdal er å behalde unge kvinner. Maria Dyrhol Sandvik meiner at bilete er samansett og trur det er fleire tiltak som må til for å betre situasjonen.

Kvinne ser utover fjord

Møre og Romsdal er det fylket i landet med størst underskot på unge kvinner.

Foto: Pavlo Kolotenko / Colourbox.com

Kvinneflukta frå Møre og Romsdal er eitt av tema som vil bli diskutert under den direktesende valdebatten frå kulturhuset Plassen i Molde torsdag kveld.

Maria Dyrhol Sandvik frå Gursken, tidlegare kommentator i BT, kjenner god til tematikken, og har blant anna skrive kronikken «Men livmora mi får du aldri – om kvinneflukt i Møre og Romsdal».

Ho trur kvinneflukta frå Møre og Romsdal er eit samansett problem.

– I 2013 sa fylkesplansjefen Ole Helge Haugen at Møre og Romsdal står fram som eit maskulint fylke der stikkord som verft, fiskeri og fotball er sentralt. Eg trur han har rett i at dette bidreg til å gjere fylket mindre attraktivt for kvinner med høgare utdanning.

– Når stadig fleire kvinner flyttar vekk frå Møre og Romsdal for å ta utdanning, kan dette bidra til at fylket ikkje er attraktivt nok, seier Dyrhol Sandvik.

Størst kvinneunderskot i landet

Kvinneunderskotet i fylket er ikkje ei ny sak. Møre og Romsdal er det fylket i landet med størst underskot på unge kvinner. I ein studie utført av Møreforsking tidlegare i år vart det kjent at i aldersgruppa 20 til 29 år er det berre 90 kvinner per 100 menn – færre enn i noko anna fylke.

Fylkespolitikarane har tidlegare fryktar for konsekvensane dette vil ha for samfunnsutviklinga i fylket.

Dyrhol Sandvik trur det er fleire tiltak som må til for å betre situasjonen.

– Ein må blant anna få fleire kvinner inn i politikken. Når dei først er der så er det viktig at dei få plass og at dei blir høyrd, slik at dei blir verande der, seier ho.

Ifølgje Dyrhol Sandvik viser forsking at samfunnsutvikling og politisk deltaking handlar om kven som deltek i arbeidslivet.

– Når vi har eit av dei mest kjønnsdelte arbeidsmarknadane i landet, og høgast del av kvinner som jobbar deltid, så er det tydeleg at dette speglast i samfunnsutviklinga.

– Her er det eit behov for fleire heiltidsstillingar, i tillegg til at ein må sjå på korleis ein kan jamne ut kjønnsforskjellane i utdanningsval. Der viser statistikken at utviklinga i Møre og Romsdal går i feil retning, og at stadig fleire unge gutar og jenter vel kjønnstradisjonelt, spesielt innanfor yrkesval, seier Dyrhol Sandvik.

– Rekrutteringa må bli betre

Og i eit fylke der store delar av næringslivet kjem frå den maritime bransjen, blir det dermed ekstra viktig å kunne lokke kvinnene tilbake til Møre og Romsdal. Dyrhol Sandvik trur det handlar mykje om kultur.

– Eg trur ikkje det er mange kvinner som flyttar frå Møre og Romsdal med det utgangspunkt at dei aldri skal tilbake, men ein er kanskje ikkje flinke nok til å rekruttere kvinner til desse næringane, seier ho.

Dyrhol Sandvik trur at ein må bli flinkare til å fange opp kvinnene tidlegare.

– Då må unge kvinner få den nødvendige informasjonen om kva næringar som er tilgjengelege dersom dei ønskjer ei karriere i Møre og Romsdal, seier ho.

– Men det handlar også om å kunne tilby stillingar til dei som kjem tilbake. Det er klart at det ikkje er freistande å flytte heim til ei 13 % sjukepleiarstilling, held ho fram.

Dyrhol Sandvik trur at kvinneunderskotet kan få negative konsekvensar dersom utviklinga ikkje snur.

– Nøkkelen er å ikkje berre sjå på kvinner som noko ein treng for å betre fødselsstatistikken, men eg meiner at kommunane må sjå på kva desse kvinnene kan bidra med, og kva kommunane kan tilby dei, seier ho.