Hopp til innhold

– Kvinna har fått ei frykt i seg

Kvinna frå Sula, som blei forsøkt valdteken i omsorgsbustaden sin, blei så skremd at ho ikkje tør vere åleine heime. No vonar ho at politiet får nok tips til å oppklare saka.

Mette Nyland Ekroll

Arkivbilde: Her er Mette Ekroll Nyland bistandsadvokat i ei anna straffesak.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er advokat Mette Ekroll Nyland som er bistandsadvokat for kvinna. Ho fortel at kvinna blei svært skremd.

– Kvinna er blitt skikkeleg skremd. Ho har fått ei frykt i seg som blant anna gjer at ho ikkje tør vere heime, seier Ekroll Nyland til NRK.

Kvinna har opplyst at ho blei forsøkt valdteken i omsorgsbustaden sin natt til søndag. Valdtektsforsøket har truleg skjedd i halv femtida søndag morgon.

Politiet er i full gang med etterforskinga. Dei ønskjer å kartleggje alle bevegelsar frå folk og køyretøy som var i området då kvinna blei forsøkt valdteken. Politiet bed no spesielt om videoopptak frå privatpersonar.

I samband med politietterforskinga har kvinna no forklart seg for politiet.

Ho har gitt ei forklaring, og meir kan eg ikkje seie om dette, seier bistandsadvokaten.

Politiet har patruljert området i heile natt og no vonar kvinna at politiet får inn nok opplysningar slik at dei finn gjerningsmannen.

– Dette er svært viktig både for henne sjølv og for dei andre i nærområdet. Det som har skjedd har skapt frykt. Det gjorde også den tidlegare hendinga. Og frykta er no forsterka med det som skjedde natt til søndag, seier Ekroll Nyland.

Tidlegare i sommar blei ei anna eldre kvinne valdteken i heimen sin, ikkje langt frå Vågstunet. Politiet set desse to hendingane i samanheng med kvarandre. Hendinga har skapt frykt blant folk som bur i området.

– Politiet ser desse to sakene i samanheng. Ut over dette har eg ikkje nokon kommentar til dette, seier bistandsadvokaten.