Hopp til innhold

– Kristiansund får mange oppgåver

Oljemiljøet i Kristiansund kjem til å få ei sentral rolle når regjeringa no har godkjent utbyggingsplanane for Maria-feltet.

Maria Development Project

Utbyggingsplanen for Maria-feltet vart fredag godkjent i regjeringa. Ei utbygging til 15,3 milliardar kroner startar opp for fullt.

Foto: Wintershall

Fredag vart det klart at olje- og energidepartementet har godkjent planen for utbygging og drift (PUD) for Maria-feltet i Norskehavet.

Rådgivar i olje og energi i Kristiansund kommune, Helge Hegerberg, er svært glad for det nye vedtaket.

– Vi hadde forventa at vedtaket ville kome, men vi har kjempa lenge for dette, så det er ein gledeleg dag, held han fram.

Viktig for Kristiansund

Utbygginga av Maria-feltet vil koste 15,3 milliardar kroner. Hegerberg seier at miljøet i Kristiansund vil få mange oppgåver knytt til utbygginga, og at det blir ei lang driftsperiode på 23 år som krev vedlikehald og modifikasjonar.

Helge Hegerberg

Rådgivar i olje og energi i Kristiansund kommune, Helge Hegerberg, er svært glad for det nye vedtaket.

Foto: Roar Halten / NRK

– No kjem endeleg det vi har venta på. Dette prosjektet har vore litt vanskeleg og blitt utsett fleire gongar, men no er det endeleg i boks, seier Hegerberg.

Han fortel at det nye feltet vil bli svært viktig for miljøet i Kristiansund.

– Med ein normal oljepris er dette eit felt som kjem til å skape inntekter for godt over 100 milliardar kroner i løpet av feltets levetid. Kvart år skal det nyttast ein milliard til å drifte feltet, og det drypp på alle oss som jobbar i næringa, seier Hegerberg.

Maria-feltet ligg på Haltenbanken, 25 kilometer øst for Kristin-feltet. Feltet blir anslått å ha mest olje (23,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar), men også gass og NGL (Natural Gas Liquids). Operatør på feltet er Wintershall (50 prosent) og lisenspartnarar Petoro (30 prosent) og Centrica (20 prosent).

– Utbygginga av Maria-feltet betyr arbeid for mange leverandørbedrifter med ledig kapasitet. Dette prosjektet inneber investeringar for over 15 milliardar kroner. Difor er det svært gledeleg at denne utbygginga startar no, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp) i ei pressemelding.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL