Hopp til innhold

– Kristiansund bør bli hovudsete for det nye politidistriktet

Møre og Romsdal Ap meiner Kristiansund er best eigna som lokalisering for det nye politidistriktet i Møre og Romsdal.

Else-May Botten, Stortingsrepresentant for AP Møre og Romsdal

Else-May Botten, Stortingsrepresentant i Arbeidarpartiet og Ap Møre og Romsdal meiner at Kristiansund bør få den nye politimeisteren.

Foto: Mesta

Det skriv partiet i ei pressemelding.

Måndag la politidirektoratet fram si innstilling, der det går fram at hovudsetet for det nye politidistriktet Møre og Romsdal bør vere i Ålesund.

Møre og Romsdal Ap er kritisk til anbefalinga og meiner at Politidirektoratet ikkje ser ut til å kjenne dei lokale forholda og behova i fylket.

– Det er blant anna viktig å sjå på kva for bygningar som er til disposisjon og vurdere kva for som lettest kan riggens for ein felles operasjonssentral. POD viser til at bygningsmassen i Kristiansund er lettest og billigast å tilpasse det formålet. Nærleik til andre fagmiljø som oljenæringa, HV11 og fylkesmannen – som også har et viktig beredskapsansvar – bør også vurderast, skriv Else-May Botten, Stortingsrepresentant i Arbeidarpartiet.

Bør få fleire arbeidsplassar

Arbeidarpartiet meiner at Kristiansund bør få fleire offentlege arbeidsplassar, i tillegg til at politiet der har hatt ansvar for beredskapen på sokkelen.

– Ved å legge politimeisteren i Ålesund vil ein måtte legge ned nokre få stillingar i Kristiansund. Men, dersom ein vel å legge politimeisteren i Kristiansund vil ein kunne opprette 80–100 nye offentlege arbeidsplassar der, meiner Botten.

Møre og Romsdal Ap meiner at Kristiansund over tid har fått for få offentlege arbeidsplassar, og trur at Kristiansund vil vere best eigna som lokalisering for administrasjon i det nye politidistriktet i Møre og Romsdal. Partiet meiner at dei ekstra arbeidsplassane som politimeisterstillinga vil føre med seg er svært viktige for regionen.

– Den byen som får operasjonssentralen vil få langt fleire arbeidsplassar enn det de har i dag, fordi staben rundt politimeisteren skal styrkes med støttefunksjonar som; leiing, fagstillingar, HR og økonomiske funksjoner.

Forslaget skal nå ut på høyring og den endelege avgjerda skal takast i desember.