NRK Meny
Normal

– Kristiansund bør behalde sokkelansvaret

Jenny Klinge (Sp) meiner det er feil å la Rogaland ta over politiansvaret for kontinentalsokkelen utanfor Midt-Noreg.

Jenny Klinge

Jenny Klinge meiner det er mest fornuftig at politiansvaret for sokkelen utanfor Midt-Noreg ligg i Kristiansund.

Foto: Bernt Sønvisen

Regjeringa foreslår at politiansvaret på sokkelen skal samlast på to politidistrikt i staden for fire. I dag er ansvaret for kontinentalsokkelen delt mellom Rogaland, Nordmøre og Romsdal, Helgeland og Troms politidistrikt.

Nordmøre og Romsdal står i fare for å miste sitt ansvar til Rogaland. Både Statoil og Fylkesmannen i Møre og Romsdal er kritiske til å flytte ansvaret. Jenny Klinge, medlem i justiskomiteen, meiner den gode kompetansen på Nordmøre må bestå.

– Det er ingen tvil om at det er bygd opp stor kompetanse i Kristiansund og det er ikkje fornuftig å flytte ansvaret vekk herifrå, seier Klinge.

LES OGSÅ:

Stor aktivitet

Oljeplattform

Ansvaret for kontinentalsokkelen er i dag delt på fire ulike politidistrikt.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Møre og Romsdal har to av landets fem ilandføringsanlegg for gass. Nyhamna forsyner Storbritannia med 20 prosent av gassen dei brukar og har store utbyggingsplanar. Det er også fleire tusen personar som jobbar på plattformer og mellom anna forsyningsskip utanfor Midt-Noreg.

– Vi har ein stor aktivitet knytt til næringa i Kristiansund, både utanfor land og på land. Difor er det fornuftig at sokkelansvaret er i Kristiansund og der må det framleis vere, seier Klinge.

Del av politireforma

Flyttinga av sokkelansvaret er ein del av omstruktureringa av politireforma. Klinge meiner det er viktig at Mørebenken jobbar for at sokkelansvaret ikkje hamnar i Rogaland. Stortinget skal behandle spørsmålet i samband med Politireformen i byrjinga av juni.