I fjøset på Saghaug gard i Tingvoll produserer 58 kyr mjølka som blir brukt i produksjonen av den verdsberømte blåmuggosten Kraftkar. Osten danka nyleg ut alle konkurrentar i verdsmeisterskapen i ost i Spania. Men hadde det ikkje vore for at mjølkebilen kjem til garden, trur ikkje gründer Kristin Waagen at ysteriet hadde blitt starta for 13 år sidan.
Tine har plikt til å hente mjølk på alle norske gardar til same pris.
Foto: Torje Bjellaas / NRK– Vi fekk ikkje lån for å produsere ost fordi banken ikkje hadde trua, men vi fekk låne meir pengar på garden. Det er garden som har vore kassakreditten til Tingvollost, seier Waagen.
Mjølkebilen sikrar helgefri
Og henting av mjølka betyr framleis svært mykje, sjølv om osten er så etterspurt at dei ikkje klarer produsere nok. Dei har nemleg ingen planar om vekse.
– For oss betyr det alt at mjølkebilen kjem. Vi ystar berre av den ferskaste mjølka. Vår produksjon er basert på Tine si henting kvar tredje dag, seier Waagen.
Ostebonde Kristin Waagen seier at dei er avhengig av at mjølkebilen skal hente mjølka som er til overs dei dagane det ikkje vert ysta ost.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKNokre dagar er det lite mjølk til overs, men etter helg er det så mykje som 1700–1800 liter fordi dei ikkje ystar ost kvar einaste dag. Sjølv om Tingvollost har blitt sett på verdskartet, treng familien å ha eit normalt liv med fritid. Det gir mjølkebilen dei, men no fryktar Waagen at det kan slutt på mottaksplikta. Om få dagar legg regjeringa og den liberale landbruksministeren, Jon Georg Dale, fram den nye jordbruksmeldinga.
– Mottaksplikta gir ein tryggleik for at ein kan drive gard uansett kvar ein bur, seier Waagen.
Sikrar bønder i distriktet
Fylkesleiar i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen, håper ikkje at mottaksplikta vert endra.
Foto: Roar Halten / NRKFylkesleiar i Bondelaget i Møre og Romsdal, Oddvar Mikkelsen, seier at mange av bøndene treng denne ordninga for å kunne drive gard.
– Jo lengre unna garden ligg eit meieri, dess meir avhengig er bonden av mottaksplikta. Utan den hadde all produksjon blitt sentralisert, seier Mikkelsen. Det er med andre ord denne ordninga som sikrar at ein kan drive gard i dei høgste dalar og fjordar. Bøndene har same prisar og leverandevilkår same kvar dei bur. Fylkesleiaren er redd for at mottaksplikta er truga.
– Eg håper verkeleg ikkje at det skjer, seier Mikkelsen.
Landbruksminister Jon Georg Dale har ikkje høve til å kommentere saka tysdag.