– Tek overgrepssaka på største alvor

Ålesund kommune vil sjå på rutinane for tilsyn med fosterheimar etter at ein fosterfar er dømd til fengsel i seks år for seksuelle overgrep mot ei fosterdotter.

Ålesund Rådhus

Barnet som ifølgje dommen blei utsett for seksuelle overgrep var under kommunal omsorg. No vil Ålesund kommune gjennomgå alle sider ved saka.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Mannen var fosterfar til jenta i fleire år. Ifølgje dommen starta overgrepa då jenta var 12 år. Ved fleire høve var jenta ute av stand til å setje seg til motverje fordi ho sov, går fram det av rettsdokumenta frå Sunnmøre tingrett.

Fosterbarn er barn som av forskjellige årsaker treng å få bu i ein annan og omsorgsfull familie enn den opphavlege familien sin. Den kommunale barnevernstenesta spelar ei sentral rolle her. Tilsynet med fosterheimane og fosterbarna er også eit kommunalt ansvar, men er frå februar 2014 skilt ut frå den ordinære barnevernstenesta.

– Vil finne ut kva som har skjedd

I Ålesund er tilsynet med fosterheimane og fosterbarna organisert gjennom den kommunale Ressursbasen. No skal kommunen setje i gang eit arbeid for å sikre at ein kan hente så mykje lærdom som råd ut av det som har skjedd.

– Eg har ikkje lese dommen. Men det er klart at kommunen tek denne saka på største alvor. Det er svært viktig for kommunen å vere ryddig og ordentleg og finne ut kva som har skjedd frå kommunen si side, seier advokat i Ålesund kommune Kristin Otterlei til NRK.

Kommunane skal ha tilsyn med fosterheimane fire gonger i året, og i ein del tilfelle to gonger i året. I 2014 kom ei lovendring som skilte tilsynet frå barnevernet. Bakgrunnen var at både barnevernsbarn, fosterforeldre, tilsette i barnevernet, riksrevisjonen og forskingsmiljø over tid hadde påpeika at det var svakheiter ved organiseringa og gjennomføringa av tilsynet.

– Gjennomgår rutinane

No vil Ålesund kommune sjå om ein har kome godt nok ut av omlegginga, som for Ålesund kommune sin del blei innført 1. januar 2015.

– Vi er i ein prosess heile tida. Rutinane og reglane for tilsyn er ikkje alltid avgjerande for om det kan skje noko ein ikkje klarer å fange opp. Tilsyn, og korleis barn har det i fosterheimane, er svært viktig for kommunen. Det er faste reglar for korleis tilsyn skal førast. Og barnevernet skal også ha kontakt med barna utanom dei faste tilsyna, seier Otterlei.

No vil Ålesund kommune også gå i dialog med advokaten til jenta i den aktuelle saka.

– Vi skal gå nøye gjennom saka og sjå om rutinane for tilsyn og kontakt med barnet er følgt i denne spesielle saka. Så langt har vi ikkje kome enno, seier Kristin Otterlei.