Hopp til innhold

– Kommunane må ta større flaumansvar

Det er venta meir kraftig nedbør i framtida og NVE meiner at det må brukast meir pengar på flaumsikring. – Økonomien set grenser for kva ein kommune kan klare, seier ordførar.

Utvik-flaumen øydeleggingar

I Utvik gjorde flaumen store øydeleggingar.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Måndag vart bygdene Breim og Utvik i Sogn og Fjordane overfløymde etter kraftig nedbør. Analysar viser at i åra framover kjem episodane med kraftig nedbør til å bli fleire. I Møre og Romsdal vil nedbørsmengdene auke med 15 prosent. Det same gjeld i Sogn og Fjordane. Det er venta at det vil kome fleire kortvarige, intense og lokale regnbyer og dermed aukar faren for flaum.

– Det er god samfunnsøkonomi å bruke meir ressursar på førebygging i staden for å reparere i etterkant, seier fagdirektør i NVE, Grethe Helgås.

Brukar pengar på reparasjon

I dag blir det brukt meir pengar til reparasjon etter ras og flaumskadar enn til sikring på førehand. Helgås meiner at det er stor politisk vilje til å løyve pengar etter ei dramatisk hending, men at det er mindre vilje til å sette av midlar til førebyggande arbeid. I 2016 vart det brukt 275 millionar kroner til sikringstiltak mot flaum og skred.

– Vi må prioritere så godt vi kan innanfor rammene vi får i årlege løyvingar. Vi prioriterer der det er størst faregrad og store verdier og samfunnsnytten er stor, seier Helgås.

Kan velte kommunebudsjettet

Jørgen Amdam

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, vil ha eit spleiselag med staten for å få på plass flaum og skredsikring i kommunane.

Foto: Bård Siem / NRK

Også kommunane må rekne med å få større ansvar og få auka utgifter til sikring i framtida. I Volda er kommunen i gang med fleire førebyggande tiltak for å sikre seg mot naturkatastrofar som ras og flaum. Dei lærta av nabokommunen Ørsta, som har blitt råka av jordskred to gongar dei siste fire åra. Ordførar Jørgen Amdam (Ap) seier at utfordringa er økonomien.

– I ein del kommunar vil det bli så store investeringar at det vil sprenge det vanlege budsjettet. Vi er nok nøydde om å få til eit spleiselag med staten, seier Amdam.

Han seier at kommunane har så avgrensa midlar at flaumsikring blir sett opp mot andre investeringar som må gjerast.