– Klubben har gjort det riktige

Abderrazaq Hamed-Allah blir verande i Aalesund etter at FC København trakk seg frå forhandlingane. Det meiner nestleiar i Stormen, Geir Ove Eikrem er positivt.

Hamed-allah hamdallah
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det er aldri negativt at gode fotballspelarar blir i klubben, så det er utelukkande positivt viss han blir det, seir Geir Ove Eikrem og legg til at han blei litt overraska.

– Eg var rimeleg sikker på at det skulle ordne seg når København kom oppover til Ålesund for å diskutere, seier Eikrem.

Ikkje skuffa

Dersom handelen hadde gått i boks var det i fylgje Sunnmørsposten snakk om at Aalesund ynskte seg ein overgangssum på 30 millionar kroner. Eikrem er ikkje skuffa over at avtalen ikkje vart noko av.

– Pengar er nødvendig i fotball, men det er ikkje sånn at ein skal håpe å få inn pengar for spelarar, men når det først skjer så kan ein akseptere det, seier Eikrem.

– Klubben har gjort det riktige, dei har lytta til interesserte klubbar og eigentleg stått fint på krava, og ikkje firt på noko, seier han.

Blir ikkje mindre verdt

Eikrem meiner Hamed-Allah ikkje blir mindre verdt til sommaren eller til neste vinter.

– Held han seg skadefri så er eg sikker på at han får eit jamnare målsnitt, og kjem til å score fleire mål enn han gjorde i fjor, og då kjem prisen til å skyte til vers, seier han.

– Då spørst det for klubben om dei klarar å halde tunga rett i munnen og selgje til det riktige budet og ikkje stresse om det kjem fleire klubbar inn i bilete, legg han til.