Hopp til innhold

– Klare ambisjonar om vidare oppkjøp

Øyvind Eriksen, konsernsjef i Aker ASA, vil ikkje røpe om han er i konkrete samtalar, men legg ikkje skjul på ambisjonane om å kjøpe opp fleire supply-reiarlag.

Ekstraordinær generalforsamling i Aker Solutions

Konsernsjef i Aker ASA, Øyvind Eriksen.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Det var i morgontimane torsdag meldinga kom om at Solstad Offshore, der Aker og Kjell Inge Røkke er hovudaksjonær, hadde teke kontroll over Rem Offshore.

Rem har slite med høg gjeld på grunn av krisa i offshoresektoren. Aker og Røkke blokkerte nyleg Rem sin refinansieringsplan, og sidan har spekulasjonane gått om eit oppkjøp av Rem frå Aker si side.

– God start

Men Rem-oppkjøpet kan bli berre første skritt på vegen for Aker og Røkke. Konsernsjef i Aker ASA, Øyvind Eriksen, seier selskapet har større ambisjonar i supplysektoren.

– Aker har investert 500 millioner kroner i Solstad Offshore for å byggje større og sterkare einingar i supplysektoren, og ei samanslåing av Solstad og Rem er ein veldig god start på den ambisjonen.

Likevel vil ikkje Eriksen kommentere om dei er i konkrete samtalar om vidare oppkjøp.

– Ambisjonane er der, men no er me opne for dialog med andre reiarlag, som deler synet vårt på at det må byggast større og sterkare einingar.

Store planar

Eriksen seier at han ønskjer at Solstad offshore skal bli eit av verdas leiande selskap innan supply.

Kjell Inge Røkke

Kjell Inge Røkke er majoritetseigar i Aker ASA, som har store planar innan supply-sektoren etter dagens Rem-oppkjøp.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Me har ikkje sett noko konkret mål i talet på farty, men er opptekne av at det skal vere ein flåte av høg kvalitet, som har langsiktige samarbeid med verdas største oljeselskap.

Solstad-direktør Lars Peder Solstad sa torsdag at dei Rem-tilsette ikkje treng å frykte for framtida. Heller ikkje Eriksen er med på at oppkjøpet vil føre til færre arbeidsplassar i Fosnavåg.

– Vi håper inderleg at ei større supply-eining vil styrke, heller enn å svekke regionen. Også ei finansiell styrking av selskapet talar for nettopp det. Det er semje om at deler av drifta skal vidareførast og utviklast i Fosnavåg, seier Eriksen.

Opnar for dialog

Økonomiprofessor Ola Grytten ved NHH seier til NRK at han trur Rem-oppkjøpet berre er starten på ei rekke oppkjøp av reiarlag.

Men Aker-sjefen meiner det er for tidleg å seie om det vil kome fleire oppkjøp no.

– Me inviterer andre reiarlag til dialog, og me er klare til handling så raskt desse aktørane måtte ønskje det, seier Øyvind Eriksen.

– Ventar du at mange aktørar er interesserte i å snakke med dykk?

– Ja, eg ventar at alle supplyreiarlag som i dag har behov for å styrke seg finansielt, vurderer kva dei kan gjere, og som ein del av det, spør seg om det kan vere ei løysing å samarbeide med andre i staden for å halde fram åleine. Det trur vi at både styra, leiarane og långjevarane til desse selskapa er opptekne av.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL