Hopp til innhold

– Kjem ikkje unna bompengar

Det blir ingen bypakkar utan bompengar, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Teje Moe Gustavsen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen seier det er viktig å løyse trafikk- og miljøproblema i dei største byane i fylket. For å klare det må også bilistane bli med på spleiselaget.

Foto: Teje Moe Gustavsen / NRK

– Bompengar må vere eitt av verkemidla som vert brukt, skal ein kunne klare å betale bypakkane i Møre og Romsdal, seier Gustavsen. Torsdag deltok han på ein konferanse i Molde som tok for seg temaet.

Spleiselag

Han meiner det hastar med å få på plass bypakkane i dei tre største byane i fylket.

– Byane veks stadig. Til dømes pendlar 5400 inn til Molde kvar dag. Derfor må vi bli flinkare til å løyse framkjømd og miljøspørsmål, seier han.

Det har blitt lagt opp til at bilistane skal betale ein stor del av bypakkane. Det meiner Gustavsen er heilt nødvendig.

– Det vil måtte bli eit spleiselag mellom dei som skal bruke bil, fylkeskommunen og kommunane, seier han. – Men kven som skal betale kor mykje, vert opp til å regjeringa å avgjere.

Kan bli mindre på bilistane

– Kan det bli mindre å leggje ut for bilistane?

– Det får tida vise. Det er slik at regjeringa har signalisert mindre bruk av bompengar. Vi har sjølvsagt heller ikkje lyst til å bruke meir bompengar enn nødvendig for å få til ein trafikkreguleringseffekt, seier han og legg til at det også følgjer med kostnader ved å ta inn bompengar.

Bypakkane i Molde og Kristiansund vil liggje på om lag to milliardar, medan Ålesund vil ha ein totalpris på omkring fire milliardar. Førebels er bomtakstane rekna til å liggje på 20 til 25 kroner.

Ny modell for bompengeselskapa

Korleis bompengeselskap er drifta har vore eit tema i lang tid. No er Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet i gang med å sjå på ulike modellar for korleis bompengeselskapa kan drivast på ein best mogleg måte.

Regjeringa er veldig tydeleg at dei ønskjer ei meir effektiv bompengeinnkrevjing og ei meir effektiv finansforvaltning når det kjem til lånevilkår og liknande, seier han.

Vil vere avklart til 2016

Etter planen skal arbeidet med bypakkane i Møre og Romsdal kome i gong i løpet av 2016. Vegdirektøren trur spørsmålet om bompengeselskap og bompengar vil vere avklart til dess.

– Om det vert det eine eller andre er for tidleg å seie, men avklaringa vil definitivt vere på plass, avsluttar vegdirektøren.