NRK Meny
Normal

– Kanskje like greitt å ikkje vinne

Konkurrenten frå Troms gjekk til topps i kåringa Årets Unge Bonde, og det synest Solmund Solstad frå Øvre Surnadal er like greitt.

Solmund Solstad

Solmund Solstad er fornøgd med at han blei nominert.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det betyr ikkje at Solstad ikkje synest det var stas å vere blant dei fem nominerte.

– Det er ein spore til ytterlegare innsats, seier 25-åringen dagen etter at prisen er delt ut.

Vinnaren blei kåra under Agroteknikk, som er landbrukets store fagmesse.

Solstad trur det blir mykje ekstraarbeid på vinnaren framover.

– Slepp maset

– I starten blir det nok litt merksemd frå media, og seinare går det nok slag i slag med foredrag og liknande.

Men om Solstad ikkje gjekk til topps i kåringa, har han framleis tru på yrket sitt.

– Det blir nok bruk for bonden i framtida også, for vi treng alle mat.

Les også: Solmund kan bli årets unge bonde