– Mykje å gjere
Helikopteret blei heva i går, og skal no undersøkast av Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane.
Leiar i kommisjonen, Knut Lande, seier dette kan ta lang tid. Med den arbeidsmengda dei har, tvilar han på om dei kan kome ut med nokon rapport før om eit års tid.
Teknisk feil?
Helikoptermotoren miste turtal og helikopteret enda ferda si i Isvatnet i Ørsta måndag. Piloten og den kvinnelege passasjeren kom seg uskadde frå hendinga.
Knut Lande. (Foto: Pål Bakke, NRK)
Dersom kommisjonen ikkje finn tekniske feil på helikopteret må andre forhold vurderast. Eigenskapane til helikopteret, vêr, temperatur , høgde og vind kan vere medverkande faktorar, seier Lande.
Lovleg flyging?
Helikopteret blei brukt i samband med ein NRK-dokumentar om hesteferda frå Nordfjord til Rauma. Sunnmørsposten stiller i dag spørsmål ved om eigarane av helikopteret hadde løyve til å drive slike flygingar. Dette kan få konsekvensar for utbetaling av forsikring.
Helikopteret blei heva i går. (Foto: Alf-Jørgen Tyssing, NRK)
Lande seier ei slik problemstilling er uinteressant for kommisjonen å ta stilling til. Dei skal finne årsaka til havariet, og ikkje noko anna. Om dette var ei lovleg flyging skal no Luftfartstilsynet ta stilling til.
Sigmund Sandall, som leiar den juridiske avdelinga i Luftfartstilsynet, vil ikkje kommentere denne saka. Han grunngjev det med at dei er i ein tidleg fase av etterforskinga. På generelt grunnlag blir det likevel opplyst at eit slikt regelbrot oftast fører til at selskapet og eller piloten mistar sine rettar til flyging i framtida.