– Kan ikkje laste dagens eigarar

Ordførar Bernhard Riksfjord i Aukra meiner dagens verftseigarar ikkje kan bli pålagde å rydde opp etter femti til hundre års drift og forureining. Fylkesmenn over heile landet krev at alle landets verft skal rydde opp i forureninga på havbotnen etter drift som strekk seg langt tilbake i tid. Ap-ordføraren i Aukra er blant mange som i dag tar opp saka i eit møte med NHO, Norsk Industri og Mørebenken.

Bernhard Riksfjord
Foto: Roar Strøm / NRK