– Kampen om pengane blir knallhard

Nasjonal rassikringsgruppe mobiliserer no for å få auka løyvingane til rassikring. Målet er ein tredobling av rassikringspotten og no blir det arbeidd inn mot den nasjonale transportplanen som blir vedteken til neste år. Leiaren i Nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling (Sp), presenterte utfordringane på ein konferanse i Loen i ettermiddag. Ho seier det blir viktig å trykke på i forhold til Stortinget og regjeringa. Kampen om pengane blir knallhard, trur Følling.

Friidrett, NM i Byrkjelo 2018.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix