Leiaren for Møre og Romsdal Natur og Ungdom, Ane Marte Rognskog, rosar SFT.
– Det er ein stor siger for miljøet, seier Rognskog.
Ho håpar departementet og regjeringa føgjer opp sin eigen politikk og følgjer SFT si tilråding og ikkje NVE.
Truverd på spel
Ane Marte Rognskog er glad for at miljøvernministeren alt i går ga beskjed om at ho vil følgje rådet frå Statens forureiningstilsyn. Det er regjeringas miljøpolitiske truverd som står på spel i denne saka, meiner Rognskog. Eit løftebrot her vil vere helt uakseptabelt.
Lovar å passe på
Eit gasskraftverk på Tjeldbergodden utan CO2-reinsing vil auke Noreg sine klimagassutslepp med meir enn fem prosent i forhold til 1990, seier Rognskog, som lovar at Natur og
Ungdom skal passe på at det blir CO2-reinsing på Tjeldbergodden.