– Ingen problem at Møre og Romsdal vert lite

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) er ikkje bekymra over at Møre og Romsdal blir ein av dei minste regionane i landet. – Alt kan ikkje målast i talet på innbyggjarar, seier Orten.

Helge Orten

Helge Orten (H) meiner det viktigaste for Møre og Romsdal er at regionen har sterk verdiskaping.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Når nye grenser vert teikna opp i Noreg, er stortingsfleirtalet samde om at Møre og Romsdal skal bestå som eigen region. Det betyr at regionen vert ein av dei minste i landet, fordi andre fylke blir slått saman. Helge Orten er ikkje bekymra for at Møre og Romsdal skal bli svekt.

– Alt kan ikkje målast i talet på innbyggjarar. Det som blir viktig for oss er at vi er ein sterk verdiskapingsregion. Det er også det som gjer at vi i størst mogleg grad bør stå samla og fremme Nordvestlandet og næringslivet, seier Orten.

Jørgen Amdam

Jørgen Amdam, ordførar i Volda, trur Møre og Romsdal kan bli for lite.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kan bli problematisk

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap) trur det kan bli eit problem at Møre og Romsdal er lite.

– Argumenta som har blitt brukt før er at du måtte ha rundt 400.000 innbyggjarar for å overføre oppgåver frå staten til regionen, seier Amdam. Møre og Romsdal har rundt 250.000 innbyggjarar.

Han trur også det kjem mykje an på kva som skjer når dei nye grensene ikkje fylgjer bu og arbeidsmarknadsområdet.

– Det kan gjere regionar både større og mindre, seier Amdam.

Burde høyrt til større region

Roger Osen

Ordføraren i Smøla, Roger Osen, er usikker på om Møre og Romsdal består i framtida.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ordførar i Smøla, Roger Osen (Sp) meiner at Møre og Romsdal hadde vore tent med å gå inn i ein større midtnorsk region. Han er usikker på om Møre og Romsdal får bestå som eigen region i framtida.

– Alle regjeringspartia seier at dette er starten på ny regioninndeling. Då lurer eg på om dette berre eit kvileskjer og at fylka som får bestå berre er ein mellomfase og at det kjem meir omfattande endringar seinare, seier Osen. Han synest det er uklart kva regjeringa meiner.

Dersom det er tenkt fleire endringar, meiner Osen det hadde vore betre å gjere det straks.

Smøla er ein av seks kommunar som er i samtale med Trøndelag.