NRK Meny
Normal

– Her er ingen nøgde med oppgjeret for lærarane

MOLDE (NRK.no): I uravstemminga blir det nei til lønsoppgjeret for lærarane om stemninga på lærarrommet på Molde vidaregåande skule er i samsvar med handlinga i resten av landet. Ingen av lærarane er nøgde med oppgjeret.

 uravstemminga blir det nei til lønsoppgjeret for lærarane om stemninga på lærarrommet på Molde vidaregåande skule er i samsvar med handlinga i resten av landet. Ingen av lærarane er nøgde med oppgjeret.

Sjå nøye på dette biletet. Her på lærarrommet ved Molde vidaregåande skole har lærarane blitt bedne om å ha opp ei hand om dei er nøgde med lønsoppgjeret. Alle held hendene nede.

På lærarrommet får alle ei oppmoding: Opp med hendene de som er nøgde med oppgjeret. Ingen hender kjem opp. Lærarane nektar å godta lønsoppgjeret.

Hans Petter Gjerdset

Hans Petter Gjerdset er lektor ved Molde vidaregåande skole.

Foto: Roar Halten / NRK
Hans Moe

Hans Moe er adjunkt ved Molde vidaregåande skole.

Foto: Roar Halten / NRK
Ingrid Hollingen Westad

Ingrid Hollingen Westad er elev ved Molde vidaregåande skole.

Foto: Roar Halten / NRK
Marit Gunnarson

Marit Gunnarson er streikeleiar i Unio i Molde.

Foto: Roar Halten / NRK

Min spådom er at svært mange kjem til å stemme nei når oppgjeret går til uravstemming, seier lektor Hans Petter Gjerdset.

Korleis er stemninga blant kollegaene?

– No er det mykje frustrasjon. Eg trur ikkje medlemene kjem til å stemme ja til oppgjeret. Her er det einsidig negativt, legg han til.

– Føler oss uglesett

Gjerdset fortel at han er svært skuffa over motparten KS. Han meiner at arbeidsgjevarorganisasjonen ikkje har tiltru til at lærarane arbeider nok.

Dei trur vi ikkje jobbar nok. Og no skal vi kontrollerast. Dette skjer samstundes om utviklinga elles i samfunnet går mot meir fleksitid. No føler vi oss uglesett og mistenkjeleggjorde, seier Gjerdset.

– Letta og skuffa

Ei av dei store endringane som kjem som følgje av oppgjeret er at lærarane må gjere meir av arbeidet sitt på skulen. Lærarane skal vere til stades 7,5 timar kvar arbeidsdag. Alle er sikra eit tillegg på 8.200,- og oppgjeret har ei ramme på 3,3 prosent. Oppgjeret inneheld også ein klausul som kan innebere justeringar i 2015 om dei kommunetilsette har fått eit dårlegare oppgjer enn andre.

– Vi er litt letta. Men samstundes er vi skuffa. Og eg er veldig spent på korleis ein skal løyse endringa i arbeidstida i praksis. Dette må føre til endringar i dei fysiske arbeidsforholda. Vi må ha avlukke eller kontor, der vi kan ha samtalar med både kollegaer og elevar utan å bli uroa, seier adjunkt Hans Moe.

Så plikta til å vere til stades i så stor grad som oppgjeret legg opp til let seg ikkje gjennomføre i praksis?

– Det må i så fall endringar til. Det må byggjast ut. Leiinga ved skulen og skuleeigaren Møre og Romsdal fylkeskommune må ta omsyn til dette, seier Moe.

– Kunne godt ha blitt streik

Meklinga hadde frist ved midnatt ved inngangen til måndag. Gjennom natta førebudde mange seg til at dei skulle vakne til beskjed om at det blei streik. Slik gjekk det ikkje. Partane gjekk frå meklinga med ein avtale, som skal ut til uravrøysting. Det var ikkje berre lærarane som følgde med. Også elevane var spente på kva dagen skulle bringe.

Eg var frykteleg førebudd på at det skulle bli streik. Og det er skuffande at det ikkje blei streik, seier Ingrid Hollingen Westad til NRK.

– Korleis var denne morgonen?

– Eg heldt meg vaken til klokka eitt og følgde med i media. Så sto eg opp tidleg og såg at det enno ikkje var blitt noka løysing. Så såg eg resultatet og då sa eg «søren». For meg kunne det godt ha blitt streik, seier Westad.

– Ingen her er nøgde

Tillitsvald for lektorlaget, Heidi Kjørsvik, medgir ho at ho er skuffa. Ho stadfester at ingen av dei fagorganiserte ved Molde vidaregende skole er nøgde med oppgjeret.

Ingen her er nøgde. Eg trur det blir vanskeleg å få lærarstanden med på dette. Utvidinga av den bundne arbeidstida er nok det vanskelegaste å godta, seier Kjørsvik.

– Som forventa

Streikeleiar i Unio i Molde, Marit Gunnarson, seier at ho er glad for at det blei mekla fram ei løysing som kunne anbefalast til medlemene. Også i hennar organisasjon har det vore hektisk møteverksemd.

Resultatet på 3,3 prosent er nok som forventa. I tillegg er det lagt inn ei fordeling i samband med mellomoppgjeret i 2015. Det er viktig å sjå oppgjeret i eit toårsperspektiv, når det gjeld den økonomiske delen, seier Gunnarson.

Gunnarson forsvarar også deler av avtalen som gjeld arbeidstid.

Vi er glade for at vi har fått ein sentral avtale. Det var eitt av hovudpunkta for Utdanningsforbundet og Unio. Gjennom denne avtalen kan vi forhandle om det vi tykkjer er viktig når vi skal lage ein kvalitetsmessig god skule, seier Gunnarson.

– Når det gjeld den auka plikta til å vere til stades på skulen, er det viktig å leggje merkje til at denne tida skal skjermast. Det har ikkje denne delen av arbeidstida vore før, legg ho til.