– Ingen fribillett til å bruke meir

Regelen om at psykiatrien skal ha større vekst enn ved sjukehusa elles – gjev ingen fribillett til å bruke meir pengar enn Stortinget har gitt til sjukehusa. Dermed må også psykiatrien i Helse Møre og Romsdal sørge for å redusere kostnadene, seier Helseminister Bent Høie til NRK. Han har dei siste åra krevd at psykiatrien skal ha større vekst den dei somatiske tenestane ved sjukehusa. – Den gyldne regelen blir ikkje berre rekna ut frå kor mykje pengar som blir brukt, men også ut frå kor mange som får hjelp og korleis ventetidene blir redusert, seier Høie.

Helseminister Bent Høie mottar beredskapsrapport fra Helsedirektoratet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix